Hopp til innhold

Her kan elevane få full skuleveke

Kommunestyret i Audnedal avgjer torsdag kveld om dei skal innføre femdagars skuleveke for 1. og 2. trinn på Byremo og Konsmo barneskular.

Mange kommuner på Agder har fortsatt fire dagers skoleuke for de yngste elevene. I kveld skal kommunestyret i Audnedal avgjøre om det skal innføres fem-dagersuke, også for de minste.

VIDEO: Elevar i Audnedal kan få full skuleveke i framtida.

– Eg er for femdagars veke av prinsipp. Eg trur at mine barn har veldig godt av å gå fem dagar på skulen i veka og få læringa jamt fordelt utover. Det er i grunn det som er årsaka til at eg er for fem dagar, seier rektor og einingsleiar ved Bjelland oppvekstsenter, Bente Naglestad til NRK.

I dag går elevane i 1. og 2. trinn fire dagar på skule i veka. På Byremo barneskole har også 3. trinn fri onsdagar. Når desse trinna har frå får dei heller ikkje tilbod om skulefritidsordning.

– Har godt av fridag

Audnedal er ein av få kommunar på Agder, som praktiserer denne ordninga i dag.

– Eg trur barna har veldig godt av å ha ein fridag i veka. I denne kommunen er det veldig mange elevar som har krevjande skyssordning. Nokre blir henta så tidleg som klokka sju om morgonen, og skulen byrjar ikkje før klokka ti over åtte, seier lærar ved Byremo barneskole, Brit Dalen.

– Eg trur dei har veldig sunt av ein fridag der dei kan slappe av og leike med vener og ta det litt med ro, seier Dalen.

Ordninga omfattar kring 60 barn i kommunen.

– Engasjementet er stort. Det rører sikkert litt ved hjarterota til folk og det er mykje debatt, seier Naglestad.

– Vi er veldig ueinige, men dei fleste er vener likevel, ler Dalen.

Fridag skapar utfordringar

Fridagen skapar også utfordring for foreldre som er i full jobb.

– Det er mor som er heime, det er veldig få fedrar som er heime på onsdagar. Dei som ikkje har moglegheit til å ta heilt fri brukar besteforeldre eller dei har med seg barna på jobb, seier Naglestad.

Torsdag kveld skal kommunestyret i kommunen avgjere om ordninga med fire dagar på skulen skal vidareførast.

– Eg håpar at politikarane tek omsyn til ei foreldreundersøking i haust som viser at 80 prosent ynskjer å halde fram med fri onsdagar, seier Dalen.

– Eg håpar det vert fem dagar. Vert det fire dagar må dei sørgje for at SFO vert eit godt tilbod og ikkje ein salderingspost i budsjettet der det vert eit dårleg tilbod, seier Naglestad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %