Hopp til innhold

Her kan du hoppe i «havet» utan å fryse

For kaldt å bade i sjøen? I gjestehamna i Arendal har dei funne ei løysing på det.

Synes du det er litt for kaldt å bade i sjøen om dagen , og at det frister mer med 24 graders oppvarmet basseng. Nå er et slikt basseng på plass, - i sjøen i Arendal.

Sjå reportasje om det nye bassenget.

Dei siste dagane har det nemleg vore jobba intenst for å få klart eit flytande badebasseng - på sjøen like ved Arendal sentrum.

Rune Hvass

Rune Hvass er hamnesjef i Arendal.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

– Gårsdagen var heilt forferdeleg gjennom sluttføring, oppløft og å setje det på sjøen. No byrjar nervane å roe seg, seier hamnesjef Rune Hvass til NRK.

Han vedgår at han verkeleg har kjent på nervane då dei byrja rigginga.

– No ser vi at vi har kontroll og at dei enorme utrekningane som er gjort faktisk stemmer, seier han.

Difor gjorde dei det

Bassenget skal vere det første i sitt slag og er bygd med støtte frå Innovasjon Norge. Bassenget blir ståande i gjestehamna i Arendal.

Det er ikkje berre varmare vatn som er årsaka til at Hamnestyret valde å vere med på å lage eit slikt basseng.

– Vi ynskte å lage varig verdiskaping på Sørlandet og i denne regionen. Vi vil bidra til å utvikle nye produkt og nytte kompetansen som allereie er her innan kompositt og plastbåtindustri. Det er det vi har kombinert her no. Så har vi laga eit selskap som skal selje desse produkta, seier han.

Det betyr at liknande basseng kan dukke opp også andre stader i landet.

Badebasseng i Arendal havn

Sjå reportasje om det nye bassenget i Arendal.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

– Supert

– Det er kaldt i Norge sjølve på sommaren. Her kan vi få eit basseng som er oppvarma, som ligg og flyt, og som du kan bruke heile året, seier han.

Bassenget blir godt teke imot blant folk i gjestehamna.

– Eg vart så glad då eg såg i går at det var på veg inn i hamna. Det er supert med ein badeplass midt i byen. Veldig bra, seier Ingvild Rydland Brekke.

Ingvild Rydland Brekke

Ingvild Rydland Brekke er godt nøgd med det nye bassenget.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %