Her kan det kome vindmøller på Sørlandet

Sju vindkraft-prosjekt på Agder er under behandling, eller skal til behandling i Olje- og energidepartementet. Sjå oversikta her.

Vindmølle på Bessakerfjellet i Roan

Dette kan bli eit vanlegare syn på Sørlandet i framtida.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Ifølgje Tor Punsvik som arbeidar ved fylkesmannens miljøvernavdeling i Vest-Agder er det det godt utbygde statlege nettet som gjer Agder til eit attraktivt område for å utbygging av vindkraft.

Tor Punsvik

Tor Punsvik jobbar i miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i Vest-Agder.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Noreg og Sverige har forplikta seg til å utbyggje, og dette må vere i produksjon 1. januar 2020 for at elsertifikata skal kunne nyttegjerast, og at det skal brukast mykje skattepengar på å subsidiere det.

Utfordrande marknadssituasjon

Tom Nysted, direktør i Agder Energi, meiner det er langt fram sjølv om staten legg til rette for vindkraftutbygging.

– Sjølv om det blir gitt konsesjonar til vindkraft både på Sørlandet og elles i Noreg, så har vi ein utfordrande marknadssituasjon, sidan energiprisane er så lave som dei er. Så sjølv om ein har fått konsesjon, så er invisteringsbeslutning litt lenger fram i tid.

Her er det planar om vindmøller:

  • Kvinesheia, Kvinesdal
  • Siragrunnen, Flekkefjord
  • Skorveheia, Flekkefjord
  • Skveneheii, Åseral
  • Buheii, Kvinesdal
  • Hovatn, Bygland
  • Birkenes

Norges vassdrags- og engergidirektorat har allereie gitt E18 Vindpark AS løyve til å byggje ein vindmøllepark i Lillesand. Dei kan produsere kring 32 GWh i året. Det tilsvarar straumforbruket til over 1600 husstandar i løpet av eitt år.

Problematisk på kort sikt

Nysted trur heller ikkje at alle prosjekta som får konsesjon vil bli realisert.

– Det er avhengig av blant anna vindforhold og kva pris ein kan forvente å få for den krafta som blir produsert. På sikt kjem dette heilt sikkert til å vere lønnsame investeringar, men på kort sikt kan det vere meir problematisk å få dette til å gå i pluss.