Hopp til innhold

Her går dei skirenn i bunad

Tradisjonen tru vart det arrangert langrennsløp i bunad i Bykle i Setesdal 17. mai. – Det er ikkje ille, seier deltakar.

Tradiosjonen tru vart det arrangert langrennsløp i bunad i Bykle 17. mai. – Det er ikkje ille, seier deltakar.

VIDEO: Sjå ivrige løparar konkurrere på ski i bunad.

Tidleg på ettermiddagen vart det arrangert barnerenn på snøskuter.

Litt seinare var det dei vaksne som skulle måle krefter. På ski – i bunad – med NRK til stades på direktesendt fjernsyn.

– Det er nok det første direktesende skirennet i kommunen, seier ordførar Jon Rolf Næss til NRK.

Smurte med stearinlys

Torfinn Haugen

Torfinn Haugen har god erfaring med å drive idrett i bunad.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Han følgjer spent med når deltakarane gjer seg klar til å kjempe. Ein av dei er Torfinn Haugen. Han har bunaden på og er klar til dyst.

– Det er ikkje så ille som mange trur. Problemet er kanskje litt gnagsår, seier han.

Haugen har nok meir erfaring enn dei fleste med å konkurrere i bunad. Han har nemleg sykla Trondheim – Oslo og han har gått Birken på ski i bunad.

– Dette skal gå greitt, seier han.

– Kva har du smurt med i dag?

– I dag har eg smurt med blått stearinlys. Så har eg litt VR 65 under midten, så eg har juksa litt, seier han før han går til startstreken.

– Ikkje laga for ein slik fart

Der står lensmann Dag Hovden klar til å sende ivrige skiløparar i bunad ut frå start.

Ordføraren vedgår at mennene har ein liten fordel.

– Det er ikkje lett å gå i stakk. Den er ikkje laga for så stor fart, denne bunaden vår. Det går greitt, men det er lettare for dei med herrebunad, seier han medan to kvinner kjempar ein intens kamp i skisporet.

Dei vekslar mellom skøyting og klassisk.

– Dei må køyre ein slik type teknikk når dei går med stakk. Det her er eit syn verd altså. Eg må seie at det passar fint med bunaden vår mot den kvite snøen, seier ordføraren i fjellkommunen.

Jon Rolf Næss og Siv Kristin Sællmann

Ordførar Jon Rolf Næss følgjer spent med saman med NRKs reporter Siv Kristin Sællmann.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %