Geologen skal mellom anna opp i helikopter for å få oversikt over situasjonen.
Tre hytter vart laurdag ettermiddag evakuert etter eit snøras natt til laurdag. To hytter skal vere skada etter å ha blitt treft av raset.
Politiet meiner at tre av hyttene er spesielt utsett for ras og valde difor å evakuere.
Vegen inn til hyttene er no fyllt med snø slik at det er umogleg for bilar å komme seg inn i området.
Området ligg like ved Hovden Alpinsenter. Leiinga ved senteret er uroa for skikøyrarar som jaktar puddersnø. Dei ber folk vere særs forsiktige og ha respekt for den store rasfaren.
Alpinsenteret vil også ta i bruk dynamitt i løpet av dagen for å sprenge ned skavlar som kan rase ut.
- Les også: Hyttenabo skremt av snøras