Hopp til innhold

Her får romfolket jobb

Romfolket i Kristiansand ynskjer særs gjerne å jobbe. Manglande utdanning gjer vegen inn i arbeidslivet vanskeleg, men no får dei hjelp.

Romfolket i Kristiansand ynskjer særs gjerne å jobbe. Manglande utdanning gjer vegen inn i arbeidslivet vanskeleg, men no får dei hjelp.

VIDEO: I Kristiansand får romfolket tilbod om å jobbe.

– Det er mykje betre å ha arbeid enn å tigge. Vi må ta oss av familien. Vi sender pengar heim for å hjelpe, seier Georg og Maria.

Christoforos Schuff

VIL HJELPE: Christoforos Schuff engasjerer seg for å få romfolket i arbeid.

Foto: Frans Kjetså/NRK

Etter mange timar og dagar med tigging på gata har dei to endeleg fått seg ein jobb. Dei to er i gang med å male ein husvegg. Det er ei av arbeidsoppgåvene som romfolket no får tilbod om i Kristiansand.

Stiller bakerst i køen

Den ortodokse presten Christoforos Schuff har engasjert seg for å hjelpe tiggarane vekk frå gata og inn i arbeidslivet.

– Dei jobbane eg har formidla har vore av praktisk art. Det er utbreidd blant romfolket at dei ikkje har utdanning. Mange av kvinnene giftar seg i 15-16-årsalderen. Dermed sluttar dei på skulen, seier Schuff til NRK.no.

Romfolkets fattigdom og låg utdanning gjer at dei står bakerst i jobbkøen. Men nettsida romfolk.no skal gjere det lettare for romfolket å seg jobb.

I tillegg til den nyoppretta nettstaden oppsøkjer han tiggarar på gata når det er ein ledig jobb. Den som vil ha jobb, får dermed eit avbrekk i tigginga.

Christoforos Schuff

JOBBTILBOD: Her oppsøkjer fader Christoforos Schuff ein tiggar i Kristiansand, for å høyre om å er interessert i jobb.

Foto: Frans Kjetså/NRK

– Språk ei utfordring

– Vi gjer det vi kan. Vi prøvar på både langsiktige og kortsiktige alternativ til tigging. Det er det vi ynskjer å gjere, seier han.

– Er det alle som vil ha jobb?

– Dei fleste spør meg om eg har fleire jobbar. Så det er alltid det å ha nok tilbod til alle på riktig tidspunkt, seier Schuff.

I Trondheim har romfolk møtt opp hos NAV for å søke jobb den siste tida. Då peika rådgjevar i NAV, Vegard Kaarbø, på språk som utfordrande.

– Dei aller fleste arbeidsgjevarane ynskjer seg tilsette som forstår og kan gjere seg forstått på norsk. Engelsk kan gå an, men det er helst i jobbar som krev høgare utdanning, sa han til NRK.no.

– Ei stor forbetring

Maling, rydding, hagearbeid og reinhald er nokre av jobbane romfolket får tilbod om. Til no har omtrent 20 av dei 40–50 frå romfolket i Kristiansand fått seg arbeid.

– Dei seier gang på gang at vi gjer ein skilnad for dei. Eg håpar både det menneskelege, kjenslelivet og haldningar at det hjelp, også på det praktiske, seier den ortodokse presten.

– Det er ei stor forbetring. No kan vi hjelpe sonen vår. Det kjennest godt, seier Maria.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %