– Det følest bra. Ting skjedde raskt, men no er eg her og håpar at eg kan bidra til å hjelpe Start til å greie seg i eliteserien, seier Gudmundsson til NRK.no.
For tre år sidan reiste han frå Aalesund til Kypros. Det siste året har han spelt for Keflavík i heimlandet.
Totalt har midtstopparen spelt 39 eliteseriekampar i Norge.
– Eg tykkjer det er artig å vere tilbake i Norge etter to år på Island og eitt år på Kypros. Eg gler meg til å komme i gang, seier han.
Rutinert stoppar
– Eg har vore her på Sør Arena to gonger tidlegare med Aalesund. I 2007 vann vi 2-1, så eg har gode minner herifrå, seier Gudmundsson.
Islendingen stod over dagens treningsøkt. Øyvind Gausdal var med på si første økt som eliteseriespelar. Spissen har scora 61 mål i 2. divisjon dei tre siste sesongane.
– Øyvind kjenner vi godt og vi har fulgt han godt. Han har ferdigheiter som han har vist over fleire år. Så er vi i ein situasjon der vi har Mads Stokkelien ute med skade, sportsleg administrativ leiar Rune Jakobsen.
– Det blir spennande å sjå når han får sjansen på dette nivået. Det er vel då vi får svaret, seier han.
– Vi er ferdige no
Rune Jakobsen er glad for at klubben klarte å styrke forsvaret før overgangsvindauget stengjer.
– Vi har tru på at han har ferdigheiter som vil styrkje laget vårt. Han er ein tilvekst i troppen, har god rutine og mange kampar. Det trur eg kan vere nyttig for troppen uansett, seier han.
Med Gausdal og Gudmundsson blir det truleg ikkje fleire nye fjes på Start-laget i denne omgang. Overgangsvindauget stengjer ved midnatt.
– Det får vi sjå på, men mykje talar nok for at vi kanskje er ferdige no, seier han.
Frå før har Start sikra seg Espen Søgård frå Lillestrøm og Olav Tuelo Johannessen frå Kongsvinger.