NRK Meny
Normal

Her er Start best i eliteserien

Start har variert i prestasjonane i eliteserien, men er flinkast til å sleppe til unge spelarar så langt denne sesongen.

Start har brukt sju spillere født i 1994 eller senere i de to siste kampene. Det er rekord i antall unge spillere i en og samme kamp i eliteserien i år.

VIDEO: Sjå reportasje om Start som er flinke til sleppe til unge spelarar.

Start har brukt sju spelarar fødd i 1994 eller seinare i dei to eliteseriekampane mot Molde og Viking.

Det er rekord i antal unge spelarar i ein og same kamp i eliteserien til no i år.

– Det kanskje ikkje no vi er på vårt beste, men la oss spele og få utvikle oss. Det er bra for klubben og ikkje minst gøy for Sørlandet, seier Start-spelar Jon Hodnemyr til NRK.

– Hiv dei utpå

Han er ein av unggutane som har fått mykje tillit av trenar Mons Ivar Mjelde. Ein annan er Andreas Hollingen som er på utlån frå Molde. På Vestlandet fekk han lite speletid, men i Start har han fått spele kamp etter kamp.

– No har eg fått spele kvar einaste kamp. Då er det naturleg at du tek steg, seier Hollingen.

Claus Eftevaag

Claus Eftevaag.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

På 80-talet vart Claus Eftevaag omtala som eit vidunderbarn i engelske aviser. Han debuterte i norsk toppfotball allereie som 15-åring.

Eftevaag meiner det er positivt at Start slepp mange unge spelarar til.

– Hiv dei utpå der. Så må dei berre løyse oppgåvene. Viss du aldri får sjansen er det ikkje lett. I ei ideell verd skulle ein kanskje ha hatt ein betre miks av rutine og unge. Det har vi ikkje i år og då må dei unge ta ansvar, seier han.

Trur på meir eksport

Bård Borgersen som er utviklingsleiar i Start seier at det er ein bevisst strategi frå klubben si side å sleppe til unggutta.

– Vi kan få ein heilt ny utviklingstrend i norsk fotball, som kan skape mange gode unge lokale spelarar, som kan vere med på å prege eliteserien, seier han.

– Eg trur også at vi kan få endå fleire ut i Europa som kan bidra på det norske landslaget, slik at vi faktisk kan komme med i meisterskap, seier Borgersen.

Bård Borgersen

Bård Borgersen er utviklingsleiar i Start.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK