NRK Meny
Normal

Her er politiloggen

Dette måtte politiet handtere natt til søndag.

07.31 Mandal: Politiet fekk melding om eit grovt tjuveri frå eit treningssenter. Ei rute skal ha blitt knust og det skal ha vore stole eit mindre pengebeløp. Politiet har sikra spor og startar etterforsking.

03.26 Kristiansand: Ein kvinne forsøkte å bite og sparke politifolk då ho vart pågripen.

01.47 Vanse: Ein 35 år gammal mann er meld for promillekøyring.

00.17 Kristiansand: Ein rusa mann vart sett i arresten etter at han hadde laga bråk på danskeferja Superspeed. Mannen vart teken hand om då ferja la i land i Kristiansand.

23.10 Arendal: Ein mann (27) er sikta for legemsskading etter bråk på ein fest på Tromøy. Ein 26-åring skal mellom anna ha fått kuttskader.

22.50 Kristiansand: To personar vart sende til legevakta etter at dei hadde slåst i Vågsbygd.