Hopp til innhold

Her er Pinky og Sunniva: – Kaptein Sabeltann var litt skummel

Max August Key Graarud (12) og Johanne Regine Svendsberget (12) gler seg stort til «Grusomme Gabriels Skatt» har premiere måndag. Duoen skal nemleg spele Pinky og Sunniva. Dei to vedgår at dei var litt redde for Kaptein Sabeltann når dei var yngre.

Pinky og Sunniva 210 (Max August Key Graarud og Johanne Regine Svendsberget)

Max August Key Graarud og Johanne Regine Svendsberget gler seg til å spele Pinky og Sunniva.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Når eg byrja å forstå ting var det litt skummelt. Men når eg vart fem år var det greitt, seier Max til NRK.

– Eg tykte han var litt skummel når eg var liten. Eg var litt redd han. Men det har alltid vore litt sånn wow. Det er veldig mykje pyroeffektar og kule ting, seier Johanne Regine.

Er nervøse

Dei to unge håpefulle skodespelarane er inne i dei siste førebuingane til Kaptein Sabeltann-showet som startar opp førstekommande måndag i Dyreparken.

– Nervane er store. Men det blir stort sett gøy då, seier Max.

Dei har vore, og er gjennom lange dagar med øving for å vere best mogleg budd til premieren måndag.

– Eg trur nesten alle barn har eit forhold til Kaptein Sabeltann. Det er veldig gøy å få vere med på dette, seier Johanne Regine.

Men dei to er langt frå ferskingar. Begge har vore med på Evita og Thorbjørn Egner-førestilling. I tillegg song Regine på opninga av teater- og konserthuset Kilden i Kristiansand.

Vil bli skodespelarar

Sørlendingane er klar på at det er skodespelarar dei vil bli.

– Eg vil satse på skodespel. Det er veldig veldig veldig veldig veldig veldig gøy. Fantastisk, seier Max.

– Eg føler eg lærer veldig mykje av dei andre skodespelarane. Dei er veldig veldig flinke, seier Regine.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %