Hopp til innhold

Her er nattas politilogg

Festbråk, rusa ungdommar i lysmaster og ein bil som stakk frå ein politikontroll har prega natta til Agderpolitiet. Her kan du lese politiloggen.

POLITI

Politiet på Agder har hatt varierte oppdrag natt til søndag.

Foto: KYRRE LIEN / SCANPIX

Mandal sentrum, kl. 03.35: Politipatrulje pågriper ein særs sint mann som også går til angrep på politiet. Roa seg raskt ned. Blei pålagt å fjerne seg frå sentrum, godtok dette. Blir meldt for vald mot politiet.

Kristiansand sentrum, kl. 01.47: Melding om røykutvikling frå ei leilegheit i ein bygård. Naudetatar på staden avklarte at det ikkje var snakk om brann, men røyk grunna matrestar på ei varm kokeplate. Eigar av leilegheita var heime, og sak blir oppretta.

Tvedestrand sentrum, kl. 01.19: To mindreårige jenter på 14 og 15 år vart stansa av politiet for drikking av alkohol på offentleg stad. Begge overlaten til foreldre/føresette.

Pollen, Arendal kl. 00.54: Politibåtpatrulje stansa rusa førar av motorbåt, som blåste til over lovleg verdi. Blodprøve vart teken, og føraren blir meldt.

Odden, Grimstad kl. 00.24: Melding om slagsmål mellom fleire personar. Roleg når politiet kjem til staden. To personar blir vist bort.

Storgaten, Grimstad kl. 00.03: Kvinne anmeldast av politiet for drikking på offentleg stad. Dimittert på staden.

Riksveg 43 ved Espeland, Farsund kl. 00.43: Politipatrulje melder at personbil ikkje stansar for kontroll. Bilen køyrer i retning Lyngdal og køyrer like etter i grøfta. Førar av bilen og ein passasjer beteiknast som tilnærma uskadd, to andre passasjerar beteiknast som lettare skadd etter å ha vorte sendt til sjukehus. Føraren er meldt for køyring i rusa tilstand utan gyldig førarkort, samt for å ha unndratt seg politikontroll. Det vart store materielle skader på bilen etter ulykka. Les meir.

Nedenes, kl. 23.51: Melding om fest i ein bustad der ruter knusast. Politiet er på staden, ein ambulanse blir også sendt etter at ein person har fått eit kutt i panna. Ein person arresterast for krangling og slåsting med to personar på festen. Vedkomande vert sett i arrest. Fornærma påført mindre skadar. Sak blir oppretta.

Markens gate, Kristiansand kl. 23.21: Politiet pågrip ein mann i besittelse av eit par gram hasj. Vedkomande erkjenner forholdet på staden, og blir vist bort. Sak blir oppretta.

Stadionveien, Kristiansand kl. 23.11: Melding om to ungdommar som klatrar i lysmastene på gamle stadion. Politiet dreg til staden, der to menn på 18 og 17 år har kome ned. Mennene var påverka av narkotika, og takast med til Kristiansand politistasjon for urinprøvetaking. Sak opprettast.

Toppdalsveien, Kristiansand kl. 22.54: Melding om rusa person som går midt i vegbanen. Politiet dreg til området, men finn ikkje mannen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %