Hopp til innhold

Her er Larvik-sjefen sitt råd til Vipers

Larvik-trenaren åtvarar Vipers Kristiansand mot å tru at kjøp av stjernespelarar vil gje dei handballtrona i Norge.

Tor Oddvar Moen og Gunnar Pettersen

Larvik-trenar Tor Oddvar Moen (t.h.) og Vipers-trenar Gunnar Pettersen på sidelinja onsdag kveld.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Det viktigaste er at ein byggjer organisasjon i takt. Mange har forsøkt før, men har ikkje klart å bygge organisasjon på same tid. Viss ein ikkje klarer det blir det kortvarig, seier Larvik-trenar Tor Oddvar Moen til NRK.

Mona Bruskeland og Tine Stange, Vipers - Larvik

Vipers-spelar Mona Bruskeland i duell med Larvik-spelar Tine Stange.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Dei har byrja på noko som er bra her. Eg trur dei kan ta nokon skritt og hevde seg både her og ute i Europa, seier Moen.

Onsdag kveld såg han sitt eige lag høvle over Vipers i Aquarama. Då sluttsignalet gjekk viste resultattavla 32–18 til serieleiaren frå Vestfold.

Revansjerte tap

Dermed revansjerte laget seg etter tapet mot Vipers sist dei var på besøk i Aquarama.

– Det er alltid greitt å komme tilbake og gjere det skikkeleg. Det var veldig god innsats og godt gjennomført av jentene, seier Moen.

Tysdag vart det klart at ein av dei store profilane i norsk handball skal spele for Vipers neste sesong. Linn Jørum Sulland kjem frå ungarske Györ etter denne sesongen.

– Ho vil tilføre Vipers ei meir skytesterk høgreside som kanskje har vore litt sakna. Det kan bli eit godt bidrag, seier Moen om sin tidlegare elev.

Linn Jørum Sulland

Linn Jørum Sulland vart presentert som Vipers-spelar onsdag.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Kunne ikkje hente Sulland

Larvik-trenaren seier at dei ikkje var i kontakt med Sulland denne gongen.

– Vi har vore i ein streng økonomisk situasjon som vi ikkje er heilt ute av endå. Vi er ikkje i posisjon til å hente spelarar frå alle stader no, seier han.

På pressekonferansen tysdag sa Sulland at ho vil vere med på å gjere Vipers til ein toppklubb.

– Eg tykkjer det er spennande. Det hadde vore kult å bygge opp eit nytt topplag i Norge slik at ein kunne få litt konkurranse i toppen av serien. Eg trur Vipers har potensial, sa Sulland.

Medan Sulland reiser frå Györ reiser Larvik-spelar Nora Mørk til den ungarske storklubben. Mørk trur Larvik vil dominere i Norge også i åra framover.

– Eg syns dei forsterkar bra, men Larvik har rutinen i botnen. Så handlar det om å gå gjennom ein heil sesong og levere. Då har du ikkje råd til feilskjær. Eg held ein knapp på Larvik, men det er gøy med litt kamp, seier Mørk.

Pettersen etter Larvik-tap

Sjå intervju med Gunnar Pettersen etter onsdagens kamp mot Larvik.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %