Hopp til innhold

Her er Gunn Margits stafett-råd til Olsbu

Tidlegare skiskyttar Gunn Margit Andreassen frå Birkenes håpar at Marte Olsbu klarar å halde nervane under kontroll på dagens VM-stafett.

Stafettlag

Linda Tjørhom frå Sirdal, Liv Grete Skjelbreid, Gro Marit Istad Kristiansen som budde på Sørlandet i fleire år og Gunn Margit Andreassen, opprinneleg frå Birkenes vann VM-stafetten i 2004.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / REUTERS

– Ho er veldig god til å henge. Ho må finne ein rygg og ligge på andre- eller tredjeplass. Så må ho ta seg tid på skytingane. Ho har faktisk tre ekstraskot ho kan bruke, seier Andreassen til NRK.

Marte Olsbu

Marte Olsbu skal gå første etappe for det norske laget.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Gunnar Margit Andreassen har teke fleire OL- og VM-medaljar på stafett. Ho veit dermed godt korleis det er å gå stafett for Norge.

Vann VM i 2004

Ho var med på bronselaget i OL i Nagano i 1998. I 2002 tok ho sølv på stafetten under OL i Salt Lake City. I 2004 vart ho verdsmeister då det norske laget vann VM-stafetten i tyske Oberhof.

– Det er noko spesielt med stafett og ikkje minst veldig moro å gå saman med dei andre jentene på laget, seier ho.

Olsbu skal gå første etappe for det norske laget. Ho har med seg Synnøve Solemdal, Fanny Welle-Strand Horn og Tiril Eckhoff på laget.

Olsbu er normalt ein god skyttar, men har trøbla på standplass denne sesongen. No håpar Andreassen at Olsbu finn tilbake til skyteforma.

– Ho har tre ekstraskot ho kan bruke. Eg trur at mange binder seg litt fordi dei tenker at dei må treffe. Det gjer at mange skyt dårlegare på stafett. Men er du uheldig har du faktisk tre ekstrasjansar, seier ho.

– Må vere offensiv

– Marte må vere offensiv og gjere det ho har trent på og gjere det enkelt. Så kjem dette til å gå bra, seier Andreassen.

Ho har sjølv gått NM-stafett saman med Marte Olsbu tidlegare. Fredag benkar ho seg føre fjernsynet for å få med seg sørlendingen i aksjon i Kontiolahti.

– Det er klart eg følgjer ekstra med på Marte sidan ho er frå Sørlandet. Eg kryssar fingrane for at ho leverer ei god etappe, seier ho.

Før sesongstart sa Marte Olsbu at VM-stafetten var det store målet. NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med 24-åringen etter uttaket.

– Klarer ho seg med maks to ekstraskot vil Marte henge godt med på den første etappen, seier Andreassen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %