Hopp til innhold

Her er Grimstad sin nye ordførar

Kjetil Glimsdal (KrF) blir ny ordførar i Grimstad. Det er klart etter forhandlingar tysdag.

Kjetil Glimsdal

Kjetil Glimsdal (KrF) er ny ordførar i Grimstad.

Foto: Morten Rosenvinge/NRK

Valglogo

– Eg er veldig glad for dette, sa den ferske ordføraren få minutt etter at det vart klart.

KrF er einige om eit samarbeid saman med Arbeidarpartiet, Venstre, Senterpartiet og SV.

Glimsdal jobbar i dag som rektor på ein barneskule i kommunen. Dermed får Grimstad ein ordførar som er spesielt oppteken av skulepolitikk.

Framleis eigedomsskatt

– Skule kjem til å vere viktig for oss. Helse- og omsorg er viktig. Så har vi ei kjempeutfordring med arbeidsplassar. Eg ser føre meg at det er desse områda som vil utfordre oss mest, seier ordføraren.

Per Svenningsen

Per Svenningsen (Ap) blir varaordførar i Grimstad.

Foto: Morten Rosenvinge/NRK

Det er også klart at tidlegare ordførar Per Svenningsen (Ap) blir varaordførar i kommunen.

Han står fast ved at han vil behalde eigedomsskatten, men lovar at det skal gje betre teneste i kommunen.

– Vi skal levere så gode teneste som mogleg. Vi held inntektene på eit nivå. Så kan vi bruke pengane på å gjere betringar der vi har moglegheit til å gjere det, seier Svenningsen.

– Dette med arbeidsplassar og næringsliv er uhyre viktig no. I tillegg er det viktig å ha ein bustadpolitikk som gjer at flest mogleg kan få seg ein bustad til rimeleg penge, seier den nye varaordføraren.

Valgresultat Grimstad 2015

Slik vart valresultatet i Grimstad.

Foto: Nyhetsgrafikk.no/NTB

Antonsen takkar for seg

Hans Antonsen (V) har vore ordførar i kommunen i to periodar. No takkar han for seg i denne omgang.

Antonsen skal nemleg bli ny direktør på i Kilden Teater- og Konserthus i Kristiansand. Han er nøgd med det Venstre har fått utretta gjennom åtte år.

– Vi har bygd ein veldig sterk grunnmur saman med andre parti for Grimstad som skal vekse framover. Vi er veldig godt nøgde. At veljarane ynskjer eit skifte er greitt. Vi går ein del tilbake, men vi er dobbelt så store i Grimstad som Venstre er på nasjonalt plan, seier Antonsen.

Forhandling om ordførarverv i Grimstad (2015)

Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad var KrF sin forhandlingsleiar i Grimstad. Bilete er frå ein pause i forhandlingane tysdag.

Foto: Morten Rosenvinge/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %