NRK Meny
Normal

Her er Frps toppkandidat

Gisle Meininger Saudland (30) frå Flekkefjord blir Vest-Agder Framstegsparti sin toppkandidat ved valet neste haust.

Gisle Meininger Saudland

Gisle Meininger Saudland er Frp Vest-Agder sin toppkandidat ved valet neste haust.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Det er klart etter nominasjonsmøtet i partiet laurdag føremiddag.

– Eg reknar meg som moderat Frp-politikar. Eg er nok ingen «hardliner». Carl I. Hagen er førebilete mitt. Det var han som var partileiar då eg melde meg inn, og var med i debattar då eg var engasjert, seier Saudland til NRK.

Theodor B. Helland

Theodor B. Helland blir partiets andrekandidat.

Foto: Svein Sundsdal/NRK
Anju C. Manneråk

Anju C. Manneråk nådde ikkje opp mot Gisle Meininger Saudland og Theodor B. Helland.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Han erstattar Åse Michaelsen, som ikkje tek attval.

– Kjempeglad

– Eg var veldig spent. Men no er eg kjempeglad. Eg hadde sommarfuglar i magen lenge, men no gjekk det bra, seier han.

I utgangspunktet var det fire kandidatar til førsteplassen, men Øyvind Berntsen frå Kristiansand trekte seg som kandidat under nominasjonsmøtet.

Stemmene fordelte seg til slutt slik:

  • Gisle Meininger Saudland 31
  • Anju C. Manneråk 10
  • Kjell Ivar Larsen 4

Saudland har to barn og driv butikk i Flekkefjord med fleire tilsette.

– Store sko å fylle

Han er også leiar av samferdsleutvalet i Vest-Agder.

– Eg er veldig glad for å bli vald. Det er store sko å fylle etter Åse Michaelsen, men det trur eg at eg skal handtere fint, seier han.

Theodor B. Helland frå Kristiansand vann voteringa om andreplassen. Han fekk fleire stemmer enn Anju C. Manneråk frå Marnardal.

– Eg er veldig glad. Eg kjenner framleis at eg ristar av engasjement og adrenalin, seier Helland.

Førehandsfavoritt vraka

Også på tredjeplassen vart det kampvotering mellom fleire kandidatar. Varaordføraren i Audnedal, Unni Nilsen Husøy, vann. Ho fekk fleire stemmer enn Kjell Ivar Larsen og Anju C. Manneråk.

Manneråk trekte seg då sjetteplassen på lista skulle avgjerast. Dermed vert ikkje ein av førehandsfavorittane med på Frp-lista til stortingsvalet neste år.

– Eg står bak lista som er vedteken, men eg er sjølvsagt skuffa, men eg skal jobbe knallhardt i valkampen slik at vi får to på lista, seier Manneråk.

Gisle Meininger Saudland og Åse Michaelsen

Gisle Meininger Saudland erstattar Åse Michaelsen.

Foto: Svein Sundsdal/NRK