Hopp til innhold

Her er det «magiske» talet for Jerv

Poengsnittet for å klare kvalifiseringsplass til eliteserien har dei siste ti åra vore på 46 poeng. Det trur supporterane at laget vil klare.

Jerv-supportarar

Jerv-supporterane har tru på at laget vil sikre kvalifiseringsplass.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Dersom vi held fram som vi har gjort dei siste kampane vil vi komme høgt på tabellen, seier leiar i supporterklubben Svaberget, Reidar Berg Vaule til NRK.

Steinar Pedersen, Jerv

Jerv-trenar Steinar Pedersen er i ferd med å legge bak seg ein imponerande sesong.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Med seks kampar att står klubben bokført med 37 poeng.

Sørlendingane ligg på 6.-plass som er den siste kvalifiseringsplassen.

– Ein stor bonus

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at gjennomsnittet for å kapre ein kvalifiseringsplass har vore 46,3 poeng dei siste ti åra.

Den høgste poengsummen dei siste ti åra er det HamKam som står for. Dei vart nummer seks med 51 poeng i 2011. I 2010 og 2009 heldt det med 42 poeng for å sikre kvalifiseringsplass (sjå fullstendig oversikt nedst i artikkelen).

– Det er framleis ein stor bonus om vi skulle klare kvalifiseringsplass, seier supportersjefen.

Vil unngå Start i kvalifisering

FK Jerv har teke 1. divisjon med storm etter opprykket frå 2. divisjon i fjor. Klubben står berre med fem tap så langt. Det er berre Sogndal og Brann som har tapt færre kampar.

Jerv er også blant dei gjerrigaste laga i 1. divisjon. Dei har berre sleppt inn 22 mål til no. Berre Sogndal (18) og Kristiansund (22) som ligg på direkte opprykksplass har sleppt inn færre eller like mange.

Dersom Jerv skulle klare å kapre ein kvalifiseringsplass og gå heile vegen kan dei møte Start i kampen om ein eliteserieplass. Det vil Jerv-supporteren helst unngå.

– Det hadde vore to ganske sjuke kampar. Men for sørlandsfotballen håpar eg ikkje det blir Start, seier han.

FK Jerv

Jerv kan vise til imponerande resultat i 1. divisjon denne sesongen. Her feirar dei scoring mot Brann på Levermyr stadion. Kampen enda til slutt 2–2.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Fire lag kjempar om to plassar

Med seks kampar att ser det ut til at det er fire klubbar som må kjempe om to kvalifiseringsplassar. Det er Sandnes Ulf, Jerv, Ranheim og Strømmen.

NRK har tidlegare fortalt at eit opprykk til eliteserien vil skape store utfordringar for klubben.

– Det vil bli eit problem i seg sjølv. Både banemessig og andre ting vil vere veldig forskjellig frå 1. divisjon, sa styremedlem i klubben, Ola Syse fredag.

Supporterane er klare til å gjere ein innsats dersom dei skulle gå opp.

– Då er det berre å gje all si tid til FK Jerv.Vi er klar, seier Vaule.

Søndag ettermiddag tek Jerv imot Kristiansund som ligg på direkte opprykksplass.

– Det blir ein knalltøff kamp. Det vart uavgjort sist vi møttest, så det skulle ikkje forundre meg om det blir det igjen, seier han.

Kvalifisering til eliteserien dei siste ti åra

2014

Poeng

3. Mjøndalen
4. Kristiansund
5. Bærum
6. Fredrikstad

51
49
49
48

2013

Poeng

3. Hødd
4. Ranheim
5. Hamkam
6. Mjøndalen

50
49
48
47

2012

Poeng

3. Sandefjord
4. Mjøndalen
5. Bodø/Glimt
6. Ull./Kisa

55
55
48
44

2011

Poeng

3. Sandefjord
4. Ranheim
5. Bodø/Glimt
6. Hamkam

53
52
52
51

2010

Poeng

3. Fredrikstad
4. Løv-Ham
5. Ranheim
6. Bodø/Glimt

50
43
43
42

2009

Poeng

3. Kongsvinger
4. Sogndal
5. Sarpsborg 08
6. Alta

56
54
47
42

2008

Poeng

3. Start
4. Sogndal
5. Hønefoss
6. Notodden

59
54
51
46

2007

Poeng

3. Bodø/Glimt
4. Kongsvinger
5. Moss
6. Bryne

55
53
53
49

2006

Poeng

3. Bryne
4. Hønefoss
5. Bodø/Glimt
6. Sogndal

52
51
49
44

2005

Poeng

3. Moss
4. Hønefoss
5. Bryne
6. Pors Grenland

58
56
50
50

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %