Jentesatsinga har blitt «hole in one» for Golfforbundet. Tala snakkar for seg sjølv.
Målet var å få med minst 225 jenter mellom 6 og 19 år på eigne treningskveldar for jenter over heile landet. Det vart 900.
Dei såg også føre seg å halde 15 arrangement i løpet av året. Over 40 arrangement er gjennomført over heile landet.
Målet var også å få med minst 16 klubbar landet rundt. Totalt 55 klubbar har halde golfkveldar berre for jenter.
Slik lukkast dei
Klubbar og forbundet gjorde sjølv undersøkingar for å finne ut korleis dei skulle få med fleire jenter.
Årsaka er at golf til no har vore ein idrett med stort fleirtal av gutar og menn.
– Det viste at jenter ville ha mykje sosialt, tid til å prate, litt mat og sjølvsagt golf. Vi ser at miksen av dette gjer at dei tykkjer det er veldig gøy. Då kjem dei igjen gang etter gang, seier Haraldsen.
– Vi har laga eit opplegg som passar for jenter og som er på deira premiss. Det skal vere sosialt og gøy. Det er heilt fantastisk at vi har klart å rekruttere så mange, seier Harald Haraldsen som er ei av eldsjelene i Kristiansand Golfklubb.
Golfklubben opplever at mange jenter kjem tilbake etter å ha vore med ein gang.
Dei er i ferd med å få eit skikkeleg jentemiljø.
– Det er utruleg gøy. At det blir ei god samling av jenter er veldig gøy, seier Julie Darre Svendsen.
Julie Darre Svendsen får tid til prat saman med lagvenninnene i Kristiansand Golfklubb.
Foto: Per-Kåre SandbakkVil vidareføre prosjektet
Jentesatsinga skal halde fram også til neste år. Då er håpet å få med endå fleire jenter.
– Vi håper at prosjektet får leve i mange år i framtida, seier Fredrik Due i Noregs Golfforbund.
Han er stolt over at mange jenter vil bli med på golf.
– Dette har blitt betydeleg betre teke imot av klubbane enn vi hadde turt å håpe på. Det har vore gledeleg, seier han.