Hopp til innhold

Her avslører han ulovleg hummarfiske

Politiet gjennomfører no fleire aksjonar mot ulovleg hummarfiske. På kontrollar mellom Risør og Lillesand vart nesten alt utstyr beslaglagt.

Avslører ulovleg hummerfiske

AVSLØRT: Oppsynsmann Jim Gyttrup i Statens Naturoppsyn kontrollerer ei ruse som er teke i beslag på grensa mellom Risør og Tvedestrand under ein kontroll i sommar.

Foto: Torvild Selås, Agder politidistrikt

– Der er det gjort rundt 40 beslag. Det vil bli oppretta omtrent 20 straffesaker ut ifrå dei beslaga som er gjort, seier miljøkoordinator i Agder-politiet, Torvild Selås til NRK.no.

Torvild Selås

KONTROLL: Torvild Selås i Agder-politiet har vore med på fleire kontrollar av teiner langs kysten dei siste vekene.

Foto: Gunnar Kleiberg / NRK
Hummer

ULOVLEG: Det er ikkje lov å fiske hummer mellom januar og oktober.

Foto: Magnus Brenna-Lund / NRK

– Vi har hatt større talet på av beslag tidlegare, men det som var spesielt denne gangen var at stort sett alt vi kontrollerte vart beslaglagt, seier Halvard Olsen til teknisk sektor i Lillesand kommune.

Retningsliner

Det er hovudsakleg teiner som er kontrollert. Hummaren er freda mellom januar og oktober. Difor må ein følgje visse retningsliner for å ikkje bli mistenkt for hummarfiske, når du eigentleg driv krabbefiske.

– Når du skal fiske krabbe er det viktig at du set ei teine som står djupare enn 25 meter. Årsaka er at hummaren bevegar seg meir i dei øvste vassmassane. Så må du ha fluktopningar i teina, som er over 80 millimeter på denne tida av året, seier Selås.

No meiner Halvard Olsen at det blir for enkelt å skulde på at ein ikkje kan reglane.

– Det faktisk berre å setje seg inn i reglane for krabbefiske dersom du skal fiske krabbe. Du treng ikkje setje deg inn i reglane for anna fiske, seier Olsen.

Framgang for hummaren

I februar i år kom det fram at hummarbestanden i Skagerrak har teke seg litt opp. Men forskinga viste samstundes at det er langt igjen til gamle høgder.

I september 2006 etablerte Fiskeri- og kystdepartementet fire bevaringsområde for hummar på Skagerrak-kysten, der berre fiske med krok og snøre er lov.

Hensikta er å få vitskapleg basert dokumentasjon på om, eller kor hurtig ein hummarbestand vil byggje seg opp ei eit bevaringsområde.

Hummaraksjonane vil halde fram også gjennom sommaren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %