Hopp til innhold

Heldt kvinne innesperra i to døgn

Ein 39 år gammal mann er varetektsfengsla i fire veker og sikta for vald og for å ha sperra inne ei kvinne i 20-åra i to døgn.

Det var AMK som varsla politiet om skader på kroppen til kvinna om dei meinte var mistenkelege. Kvinna vart henta av ambulanse laurdag føremiddag.

– Vi vart møtt av ei dame som tydelegvis var utsett for traumatiske opplevingar, seier Oddbjørn Lunde i Agder-politiet til NRK.no.

Er kjenningar

– Ho har gitt ei historie som forklaring på kva som har skjedd i to døgn, der ho angiveleg er halde mot si vilje, der ho er utsett for diverse typar vald, seier Lunde.

Kvinna er pådrege skader og har vore på sjukehuset for observasjon, men ho skal ikkje vere livstrugande skader. Kva ho har vore utsett for vil ikkje politiet seie noko om.

39-åringen og kvinna i 20-åra kjenner kvarandre. Mannen nektar for å ha halde kvinna innsperra mot si vilje og hevdar at ho vart med frivillig.

Skal avhøyre vitne

– Vi skal gjere fleire undersøkingar og det blir snakk om vitneavhøyr. Dette er vitne som vi ynskjer å snakke med som nødvendigvis ikkje har sett noko, men som kan kaste lys over saka, seier Lunde.

Ifølgje Fædrelandsvennen er mannen domfelt heile 15 gonger sidan 1994. Dette vil ikkje politiet kommentere overfor NRK.no.

Mannen skal også tidlegare vere dømd for vald, trugslar og ran, skriv avisa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %