NRK Meny
Normal

Hektisk julehandel-innspurt

Det var hektisk aktivitet i Kristiansand sentrum onsdag ettermiddag. No skal dei siste julegåvene sikrast.

Julehandel Kristiansand

INNSPURT: Folk hadde det travelt i handlegate i Kristiansand onsdag ettermiddag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– I dag har det vore veldig hektisk. Det er utruleg gøy. Vi merkar at folk er i sluttspurten og handlar mykje julegåver, seier Torunn Fidje som er butikkmedarbeidar ved Bokhandelen Libris i Kristiansand til NRK.no.

Storinnrykk av menn

– Stemninga er god. Det er litt stress, men dagen går fort. Vi får pakke inn mange pakkar til folk og det er generelt god stemning, seier ho.

Ho fortel at både unge, gamle og kvinner og menn er innom butikken. Men i morgon og julafta ventar ho storinnrykk av menn.

– Ja, då er det nok overvekt av mannfolk. Både i dag og i morgon er det begge deler, seier ho.

NRK.no prøvde å ta kontakt med fleire i handlegata Markens i Kristiansand sentrum, men folk hadde det travelt og hadde lite tid til å prate.

Torunn Fidje

HEKTISK: Torunn Fidje har mykje å gjere i julehandelen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Bestillte julegåvene på nett

Men etter litt tolmod fekk vi tak i to som er ferdige med julehandelen.

– Eg er ferdig for lenge sidan. Eg bestillte alt på nettet. Så kom det i posten. Alt vart bestillt på ein dag, så det var veldig greit, seier ein vi møtte.

– No nyt eg fridommen. Det er første gang på ei stund er handlar utan barn. Eg har nett fått bra karakter på eksamen. Så det var ein fin måte å starte jula på. No skal eg heim for å gjere litt reint, seier ei anna vi møtte.

– Har du julestemninga på plass?

– Nei, men den kjem nok når eg får opp litt julepynt, smiler ho.