Hopp til innhold

Heimehjelparar stal frå pasient

To heimehjelparar i Kristiansand har fått sparken etter tjuveri i teneste. Ei eldre synshemma kvinne vart fråstole fleire tusen kroner over ein lengre periode.

Video Heimehjelparar stal frå pasient

VIDEO: Her er ein av pleiarane i ferd med å stele frå veska til den eldre kvinna.arar stal frå pasient

– Dette er ei eldre dame som har problem med både syn og hørsel, seier Petter Sandell i Kristiansands-politiet til NRK.no.

Den eldre kvinna, som ikkje kunne ta vare på seg sjølv har blitt systematisk rundtstole av dei to kommunale heimehjelparane.

Avslørt av skjult kamera

Petter Sandell

SKJULT KAMERA: Petter Sandell i Agder-politiet ser ikkje noko problem i at det vart brukt skjult kamera for å avsløre pleiarane. (Arkivfoto)

Foto: Jan Inge Thomassen / NRK
Lars Dahlen

BEKLAGAR: Helse- og sosialdirektør i Kristiansand, Lars Dahlen, beklagar episoden. - Her er det kun taparar, seier han.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Når mistanken oppstod var det på grunnlag av at dei som er pårørande til denne dama meiner at dette kunne ha pågått over lengre tid, seier han.

For familien skjønte at det var noko som ikkje stemte heime hos den syns- og hørselssvekka dama. Difor bestemte dei seg for å dokumentere det med eit skjult kamera.

– Dei har hatt tilgang på utstyr som har vore i stand til å ta opp bilete. Desse bileta gav svar på dei spørsmåla dei hadde. Når politiet etterforska dette var det rimeleg klart kva som hadde skjedd, seier Sandell.

– Kameraet vart jo sett opp på privat området, så vi ser ikkje noko spesielt ved det, seier han.

Kommunen beklagar

Då tjuveria vart oppdaga på videoen gjekk familien til kvinna rett til Kristiansand kommune.

– At vi har nokre unntakt og at vi har slike episodar beklagar eg på det sterkaste, seier helse- og sosialdirektør Lars Dahlen til NRK.no.

Dahlen rosar også måten familien tok hand om saka på - å setje opp eit skjult kamera.

– Det er klart at det er kjempeviktig at ein også dokumenterer. Dette tykkjer eg var ein framifrå måte på gjere det på, seier han.

– Så dersom ein mistenkjer at det skjer noko, er det ikkje så dumt å setje opp eit videokamera?

– Eg ville ha gjort det same dersom det hadde vore meg. For dette krev dokumentasjon, seier helse- og kommunalsjefen.

– For ferdeleg trist

Dahlen meiner også at denne saka kun har taparar.

– For det første rammer det brukaren som vert utsett for dette. Det er jo ei forferdeleg trist hending i forhold til dei. Det er brot på tillit, seier han.

– Så er det jo i forhold til organisasjonen. Det skapar jo ei mistenkeleggjering på at det er slik der der, det er det jo ikkje på nokon måte. Så er det jo sjølvsagt tragisk for dei to det gjeld, seier han.

Dei to pleiarane skal ha stole tilsaman rundt 4000 kroner frå den eldre kvinna.

– Det er klart at når dette skal vurderast i forhold til straffeansvar vil nok det bli lagt til som eit element som gjer at det er meir alvorleg enn berre eit vanleg tjuveri, seier Petter Sandell i politiet.

Helse- og sosialdirektøren i Kristiansand påpeikar at tjuveri på denne måten ikkje er eit problem.

– Dette er eit unntak. Alt vi held på med i forholdet mellom menneske byggjer på tillit. Når tillit vert brote slik som i dette tilfelle er jo det trafisk for alle partar, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %