NRK Meny
Normal

Arredondo syng på dialekt for første gang

Artisten Maria Arredondo kjem ut med ny plate i neste veke. Tittelen på plata er «Heime nå». 27-åringen vedgår at Vennesla betyr mykje for ho.

Neste uke kommer Maria Arredondo med sin første plate på dialekt. "Heime nå" er tittelen på plata. Vi ble med 27-åringen hjem til Vennesla.

VIDEO: Høyr ein smakebit frå plata til Arredondo og bli med ho heim til Vennesla.

– Vennesla er heime. Det betyr mykje for meg. Det er her eg har familien min og er veldig knytt til familien min, seier Arredondo til NRK.

Ho flytta frå Vennesla til Oslo allereie som 15-åring for å bli popstjerne. Fredag var ho tilbake i barndommens rike i Vennesla.

– Eg har mange gode minner og vener her, seier 27-åringen.

Sørlendingen har til no følt seg mest heime i det engelske språket når ho syng. Denne gangen syng ho på vennesladialekt for første gang.

– Det var ein overgang. Den første gangen følte eg at eg tullesong, for det er det eg snakkar heile vegen, men eg tykkjer det fungerer fint. Eg trur det er nærleiken eg søkte litt etter, og nakenheten, seier ho.