Hopp til innhold

Heikkinen har fått smilet tilbake i Start

Finske Markus Heikkinen (34) er ei viktig årsak til at Start har snudd trenden og endeleg plukkar poeng igjen. Midtbanespelaren står no med to mål på tre kampar.

Finske Markus Heikkinen er ei viktig årsak til at Start har snudd trenden og tek poeng igjen. Midtbanespelaren står no med to mål på tre kampar.

VIDEO: Markus Heikkinen og Mons Ivar Mjelde er i godt humør etter sigeren mot Hønefoss.

– Markus har vore med på å gjere resten av laget betre. Det går mest på erfaring, profesjonalitet og det går på at han er flink til å kommunisere og sjå korleis laget skal framstå, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til NRK.

Markus Heikkinen

Markus Heikkinen har vore sentral i snuoperasjonen i Start.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Søndag var Heikkinen igjen sentral då Start slo botnrival Hønefoss 1-0 på bortebane. Veteranen vart matchvinnar då han sende Start i leiinga 50 minutt ut i kampen.

– Spreier tryggleik

Heikkinen står med to mål på tre kampar i Start-drakta og har vore ein viktig del av snuoperasjonen til eliteserieklubben.

Før finnen kom til Start i sommar hadde laget kun vunne ein av dei 17 siste kampane. No har laget teke sju poeng på dei tre siste kampane.

– Eg er med på å bringe balanse i laget. Eg trur det er ei av årsakene til at dei ville ha meg, seier Heikkinen.

– Gjennom sin klokskap er han veldig ofte riktig posisjonert. Han drep dei riktige romma og har ei oppgåve med å vere ein balansespelar på midten. Han spreier tryggleik slik at Solomon Owello og dei andre spelarane kan blomstre, seier Mons Ivar Mjelde.

Rutinert spelar

Midtbanespelaren har spelt for både Portsmouth, Aberdeen og austerrikske Rapid Wien. Han står også med 61 kampar for det finske landslaget. Men nokon stor målscorar har han aldri vore.

Sist han scora to mål på tre kampar var på 90-talet.

Kvifor han har funne vegen til nettmaskene i to av dei tre første Start-kampen forklarer han med følgjande:

– Rolla mi er nok litt anleis no enn tidlegare. Eg er nærare mål der det er mogleg å score mål. Tidlegare hadde eg nok ei litt meir defensiv rolle, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %