Hopp til innhold

Havnaa vann på knockout: – Fullstendig overkøyring

Kai Robin Havnaa vann sin tredje proffkamp på fire månader.

Kai Robin Havnaa

Kai Robin Havnaa slo tyske Patrick Linkert i København. (Arkivfoto)

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

25-åringen frå Risør slo tyske Patrick Linkert i København.

Før kampen la trenar Thorbjørn Gyberg vekt på at Havnaa måtte ta kommandoen frå start. Det var akkurat det 25-åringen gjorde.

Berre to minutt og 40 sekund ut i 4. runde viste Havnaa at han var overlegen. Dommaren stoppa kampen og utropte Havnaa til vinnar.

Imponert trenar

– Det var fullstendig overkøyring. Dette er den beste kampen han har gått til no. Han tok styringa frå start som vi snakka om på førehand, seier trenar Gyberg etter kampen.

Dermed har sørlendingen vunne alle sine tre proffkampar etter at han vart med i stallen til Team Sauerland i fjor haust.

– Eg har lagt ned eit utruleg arbeid. Eg er så imponert over Kai Robin. Det er fantastisk bra gjort, seier trenaren.

Blir betre og betre

Gyberg seier det er stort å sjå at eleven lukkast.

– At han har komme så langt som han har gjort allereie er fantastisk, seier han.

– Kor god kan han bli?

– Han kan bli så god han berre vil. Så lenge motivasjonen er der, så vil han gjere det betre og betre for kvar kamp, seier Gyberg.

Dette var truleg Havnaa sin siste kamp før sommaren. Truleg vert det ikkje ny proffkamp før til hausten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %