– Neste gong eg står her, så løftar eg eit tittelbelte

Kai Robin Havnaa knuste konkurrenten og vann sin 12. proffkamp i karrieren på heimebane i Arendal.

The Homecoming i Sør amfi
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Det er så herleg. Eg må berre takke alle som har møtt opp. Neste gong eg står her, så løftar eg eit tittelbelte, seier Kai Robin Havnaa.

– Når skjer det?

– Det skjer forhåpentlegvis mot slutten av året, seier Havnaa til NRK.

Risør-boksaren har omtala kampen som den største i karrieren, og han innfridde føre eit fullsett Sør Amfi.

Intervju med Kai Robin Havnaa etter sin 12. proffsiger i bokseringen.

Sjå intervju med Kai Robin Havnaa etter proffkampen i Arendal.

– Heldt på å svime av

Sørlendingen gjorde kort prosess mot tsjekkiske Daniel Vencl.

– Det gjekk veldig etter planen. Eg skulle sjå han litt an i første runde. I andre såg eg at han opna seg meir og meir og då klemde eg til, seier boksaren frå Risør.

– Det var eit utruleg trykk då eg kom inn i hallen. Eg heldt nesten på å svime av, seier boksaren om stemninga i Sør Amfi.

Allereie før det hadde gått to rundar var sigeren eit faktum.

– Eg kjende det med ein gong at eg trefte skikkeleg, seier Havnaa.

Kai Robin Havnaa og Tonje Havnaa

Kai Robin Havnaa fekk ein klem av søster og manager Tonje Havnaa i garderoben etter kampen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Skal feire jul

Dette var Havnaa sin 12. siger av 12 moglege som proffboksar. Ti av dei er vunne på knockout.

Laurdag skulle Havnaa feire sigeren med vener og sponsorar.

Så skal han feire jul.

– Ja, eg fekk jo ikkje noko julefeiring i år. Juletreet står på utsida, så det er berre å pynte det, ler ein særs nøgd boksar som ser fram til litt boksefri med blanda kjensler.

– Eg får jo nesten sosial angst når eg går ut for å møte folk etter ein slik kamp. Så eg får berre manne meg opp til det, smiler han.

Kai Robin Havnaa

Kai Robin Havnaa fekk inn dette slaget i første runde. Det vart starten på slutten for den tsjekkiske motstandaren.

Foto: Sander Heggheim / NRK