Hopp til innhold

Havang imponert over ØIF Arendal

NRK sin handballekspert, Øystein Havang, meiner treningskulturen i ØIF er ein av årsakene til at klubben enda på 4. plass i debutsesongen i eliteserien.

Øystein Havang

IMPONERT: NRK sin ekspertkommentator i handball, Øystein Havang, er imponert over ØIF Arendal som enda på 4. plass i debutsesongen i eliteserien.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Det er veldig sterkt. Dei har ein bra treningskultur i klubben, og dei har ein dyktig trenar i Leif Gautestad, seier NRK sin handballekspert, Øystein Havang til NRK.

Laget tapte kun tre kampar etter jul. Havang meiner ØIF Arendal var lure i vinter.

– Dei henta inn Brede Olav Pedersen (keeper) og André Jørgensen (bakspelar) i vinter. Der fekk dei erfaring og gode forsterkningar, seier Havang.

4. plassen vil truleg gje europacup for arendalittane. Handballeksperten trur laget kan bite ifrå seg også der.

– Dei skal jo ikkje spele i Meisterligaen, så dei kan nok klare å vinne heimekampane. Men det viktigaste er å få erfaring frå Europa. Det vil laget tene på. Men har nok eit stykke å gå dersom dei får tysk eller spansk motstand, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %