Hopp til innhold

Hattrick-Tokstad sende Start ned på sisteplass

Sarpsborg hadde berre scora eitt mål på dei fem første serierundene i eliteserien før møtet med Start. Der «rann» måla inn.

Kristoffer Tokstad

Kristoffer Tokstad scora tre mål mot Start i Kristiansand.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er ut som om Start har pelma ein pose Nonstop. Defensivt er dette eit kraftig tilbakeslag i forhold til individuelle feil og lagtaktisk bakover, seier NRKs fotballekspert Tom Nordlie.

Alt tyder på at Start går ein ny blytung sesong i møte. I fjor berga dei plassen med eit naudskrik over to kvalifiseringskampar mot Jerv.

Start - Sarpsborg 08

Det meste gjekk gale for Start mot Sarpsborg 08. Her fortvilar keeper Håkon Opdal over endå eit baklengsmål.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Etter seks serierunder står klubben framleis utan siger. Sist laget vann ein seriekamp var mot Stabæk 4. juli 2015 (!). Det betyr 292 dagar utan eliteseriesiger.

Tokstad i storform

Torsdag kveld fekk laget skikkeleg juling av Sarpsborg og ein målkåt Kristoffer Tokstad.

Høgrekanten gav østfoldingane ein kjempestart på kampen då han dundra ballen i mål på halv volley etter berre to minutt.

Start slo tilbake åtte minutt seinare då midtstoppar Tapio Heikkilä heada ballen i mål på ein corner. Dette var finnen si andre scoring for sesongen. Han har scora to av Start sine tre seriemål til no.

Men gleda vart kortvarig for dei 3692 tilskodarane som hadde møtt opp på Sør Arena torsdag kveld.

Etter strålande angrepsspel flikka Tokstad ballen over Start-keeper Håkon Opdal og i mål.

– Forsvarsspelet i dag høyrer heime i 4. divisjon. Forsvaret har vore styrken vore i dei første fire kampane i sesongen. Kanskje vi har hatt for mykje fokus på det offensive spelet, seier Heikkilä.

Steinar Pedersen etter 1-4 tap for Sarpsborg 08

Sjå intervju med Start-trenar Steinar Pedersen.

Kapteinen bytta ut

Ti minutt seinare fekk danske Patrick Mortensen gå opp heilt umarkert inne i 16-meteren etter eit presist innlegg frå Pål Alexander Kirkevold.

Mortensen setta pannebrasken på ballen og sende Sarpsborg opp i 3-1 etter 33 minutt.

I pausen valde Start-trenar Steinar Pedersen å sette kaptein Rolf Daniel Vikstøl på benken. Midtstopparen spelte ein svak første omgang. Inn kom amerikanske Alex de John.

– Eg var frykteleg dårleg. Det var ikkje nokon annan grunn. Eg presterte langt under nivået eg pleier å gjere, seier Vikstøl.

Sørlendingane prøvde febrilsk å få ei redusering, men upresist pasningsspel og dårleg bevegelse i angrep gjorde forsvarsjobben enkel for gjestene frå Sarpsborg.

Start - Sarpsborg 08

Sarpsborg-spelarane jublar for ei av scoringane i Kristiansand.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Sesongens første siger

15 minutt før slutt gjorde Tokstad dagen komplett då han sette inn sitt tredje og Sarpsborg sitt fjerde mål.

Dermed vann blåtrøyene 4-1 og tok sin første trepoengar for sesongen.

Start vart møtt med pipekonsert av heimepublikummet då dommar Trond Ivar Døvle bles av kampen.

Kristiansandsklubben ligg no heilt sist i eliteserien og er det einaste laget som ikkje har vunne på dei seks første kampane. No ventar Vålerenga på bortebane søndag.

– Vi må tilbake der vi var i sesongstarten defensivt. Dette blir ein veldig viktig kamp for oss, seier Vikstøl.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %