Hopp til innhold

Har teke imot fleire bombetrugslar

Politiet har også tidlegare teke imot bombetrugslar mot Mandal. Til no har dei ikkje funne ut kven som står bak.

Amfi Mandal Evakuert

Alle som var inne på Amfi-senteret i Mandal vart evakuert då ein bombetrugsel mot senteret vart ringt inn fredag kveld.

Foto: Ronny Blix

– Vi har hatt nokon trugslar i saker tidlegare utan eg kan seie meir om det, seier politistasjonssjef Leif Vagle til NRK.

Leif Vagle portrett

Leif Vagle er politistasjonssjef i Mandal.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

– Vi har ikkje funnet ut kven som står bak dei. Så eg kan ikkje seie om det er same person eller personar som står bak denne gongen, seier han.

«Bomba går av om ein halv time»

Politiet har framleis ikkje arrestert nokon etter bombetrugslane mot Mandal fredag kveld.

– Vi jobbar for å finne ut kven som står bak, seier Vagle til NRK.

Fredag kveld tok politiet sin operasjonssentral imot tre trugslar mot Mandal. Den eine var spesifikt retta mot Amfi-senteret i sentrum.

– Vi fekk ein telefon om at det var ei bombe på Amfi-senteret som ville gå av om ein halv time, sa operasjonsleiar Per Kristian Klausen til NRK fredag kveld.

– Svært alvorleg

Alle som var inne på senteret vart evakuert. Den førstebombetrugselenn vart meldt inn rundt klokka 18.30. Klokka 20 vart evakueringa oppheva etter vurderingar i samråd med bombegruppa i Oslo.

– Dette ser vi på som svært alvorleg. At nokon kjem med slike trugslar som påverkar så mange menneske og skapar uvisse tek vi veldig på alvor. Difor er det viktig å finne ut kven som står bak, seier politistasjonssjefen.

– Kva gjer de for å finne ut kven som står bak?

– Eg kan ikkje gå inn på etterforskinga av saka. Men vi kjem til å jobbe heile helga for å finne ut kven som står bak, seier Vagle.

Bombetrussel

Politibilar utanfor Amfi-senteret i Mandal fredag kveld.

Foto: Ronny Blix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %