Redda fire personar på holme

Fire personar er funne i god behald etter ein leiteaksjon på sjøen utanfor Farsund.

Laster kart, vennligst vent...

Det var like før klokka 20 søndag kveld at Hovudredningssentralen fekk melding om at det hadde vore observert ein naudrakett. Raketten var observert mellom Lindholmen og Ullerøy.

Både redningsskøyte, kystvaktskip og luftambulanse vart send til området. Kring 30 minutt etter at søket vart sett i gang vart altså fire personar funne på ein holme.

– Alle fire er i fin form og vert frakta til land med redningsskøyta Bill, opplyser Hovudredningssentralen.

Båten til dei fire vert slept til land.