Hopp til innhold

Har reist 5000 kilometer for å følgje Jerv

Grimstad bit negler før den viktige kvalifiseringskampen mot Kongsvinger. Men kampen er viktigare for nokon enn for andre.

Sindre Håland

Sindre Håland, i midten med caps og Jerv-drakt, har reist kring 5000 kilometer for å sjå klubben i sitt hjarte denne sesongen.

Foto: Privat

Sindre Håland er leiar i supporterklubben Svaberget og brukar mykje av fritida og tusenvis av kroner på å følgje favorittklubben.

– Eg syns berre det er moro. Det er veldig gøy på kamp. Vi er ein kompisgjeng som reiser rundt for å sjå laget vårt spele fotball. Det er ingenting som er betre enn det, seier Håland.

Til saman har han reist kring 5000 kilometer for å sjå Jerv sine bortekampar denne sesongen. Raufoss, Kongsvinger og Sandnes er nokre av turane han har vore på for å støtte Jerv.

Håland har sett 22 av 30 Jerv-kampar på stadion.

Klarer ikkje å stå stille

Med siger mot Kongsvinger på Levermyr stadion laurdag skal klubben spele kvalifisering til eliteserien mot Stabæk.

– Det blir heilt uverkeleg. Det hadde vore utruleg herleg å klare det i år, og vise at vi er den beste klubben på Sørlandet, seier han.

Hans John Paulsen

Hans John Paulsen

Foto: Privat

Hans John Paulsen er ein annan som brenn for Fotballklubben Jerv. Han flytta frå Grimstad for 44 år sidan, men kjærleiken til fotballaget er sterkare enn nokon gang.

– Det er nokon som seier at eg ikkje er roleg før Jerv leiar 4–0 og eg trur nok det er noko i det. Eg klarar ikkje å stå stille når Jerv spelar. Det buldrar, ler han.

Paulsen bur no i Slemmestad i Buskerud og tek turen sørover så ofte han kan for å sjå Jerv-spele heimekamp.

Laurdag er han naturlegvis på tribunen.

– Ein draum

– Eg kjenner det allereie. Det er jo heilt fantastisk. For seks år sidan tapte vi mot Gimletroll. No spelar vi om opprykk til eliteserien for andre år på rad. Det er jo ein draum, seier han.

– Det er ein draum, ja. Det hadde vore utruleg herleg å klare det i år og vise at vi er den beste klubben på Sørlandet, seier Håland.

Dei to har følgjande melding til spelarar og trenarar i Jerv før kampen mot Kongsvinger.

– Eg håpar verkeleg gutane er klare for å gje alt dei har slik at vi kan få ei sinnssjukt spennande sesongavslutning og krone sesongen med opprykk. Det hadde vore heilt konge, seier Håland.

– Dei må vere seg sjølv og spele spelet sitt. Det kan dei, for dei er så gode, seier han.

Jervs supporterklubb Svaberget

Supporterklubben Svaberget i ein kamp tidlegare denne sesongen.

Foto: Leif Dalen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %