Hopp til innhold

Har oppretta beredskapstelefon

Froland kommune tek alle forholdsreglar etter at ein gut (13) og mora (42) har fått påvist smittsam hjernehinnebetennelse.

Sigmund Pedersen

Ordførar Sigurd Pedersen seier at kommunen tek alle forholdsreglar etter at to innbyggjarar i kommunen er smitta av hjernehinnebetennelse.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Vi har hatt møter i leiinga og har fått beskjed om kva vi må gjere i forhold til at det kan eskalere, seier ordførar Sigmund Pedersen til NRK.

Den 42 år gamle kvinna ligg på Rikshospitalet i Oslo og er særs sjuk.

På veg ut av koma

Kommunelegen i Froland opplyser til NRK at kvinna er på veg ut av koma. Den 13 år gamle sonen ligg på sjukehuset i Kristiansand og vert overvaka.

Elevar ved Froland skole, der 13-åringen går, vart informert om situasjonen måndag ettermiddag. Det same vart dei kring 100 tilsette ved skulen. Personar som innanfor familien til dei to vert no behandla med antibiotika.

Kommunen har også oppretta ein beredskapstelefon som kan ringast dersom ein har spørsmål.

– Tek dette veldig alvorleg

– Vi tek dette veldig alvorleg. Det kan eskalere. No trur vi kanskje ikkje at det gjer det, men vi må i alle fall ta alle forholdsreglar, som må til for at vi skal kunne takle ei eventuell eskalering av dette problemet, seier ordføraren.

Nummeret til beredskapstelefonen er følgjande: 94 50 45 02.

Kommunen oppdaterer også om situasjonen på nettstaden sin.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %