Hopp til innhold

Har med julegåver til fangane

Sjømannsprest Terje Bjerkholt på plass i Kongo der han skal feire jul saman med drapsdømde Tjostolv Moland og Joshua French.

Terje Bjerkholt, Tjostolv Moland og Joshua French

KONGO: Sjømannsprest Terje Bjerkholt saman med Tjostolv Moland og Joshua French i fengselet i Kisangani.

Foto: Sjømannskyrkja

– Dei gjer tydeleg uttrykk for at dei set pris på at eg kjem, og det tykkjer eg er veldig hyggeleg, seier han til Sjømannskyrkja sine nettsider.

Han snakkar med dei to nordmennene i Kongo timesvis kvar dag. Julaftan blir det pakkar, mat og juleevangeliet. Sjømannspresten hadde i tillegg med seg to juletre som står på eit fellesområde i fengselet i cella til dei to fangane. Dei to vart tidlegare denne månaden dømde til døden for andre gang. En stund var det håp om at dei to kunne komme heim til jul , men slik vart det ikkje.

Overvaka av soldat

– Vi brukar tida på å prate, planleggje feiringa julaftan. Vi lagar lunsj og middag. Saman med oss sit ein soldat og føl med på oss time etter time. Det er spesielt, men vi har det hyggeleg, seier Bjerkholt.

LES OGSÅ: Får egen prest i jula

Sjømannspresten beskriv forholda i fengselet som så dårlege at det er vanskeleg for oss nordmenne å førestille oss. Han var i fengselet for første gang i går. Bjerkholt fekk med seg pengar frå ulike støttespelarar som no vert brukt i Kongo.

Forandring i fengselet

– Eg har kjøpt inn julegåver til både dei tilsette og innsette. Julaftan får alle fangane eit såpestykke kvar i julegåve. Dei hygieniske forholda her er ganske skremmande. Likevel har fokuset på fengselsvesenet i Kisangani i samband med dei norske fangane har hjulpe, meiner han.

– Det har skjedd ei forandring i fengselet her. No vert det levert mat inn til fangane kvar dag. Det er eit langt skritt å gå før situasjonen blir slik vi kan tenkje oss, men ting skjer, seier han.

Får kylling julaftan

I tillegg til såpestykke og juletre har Bjerkholt skaffa brettspel som fangane skal få. Julaftan vert det julemarkering i fengselet.

– Planen er å dele ut julegåver til soldatane, vaktene og fangane. Så har vi bestillt skikkeleg mat frå eit hotell til Moland og French. Så får dei grilla kylling, noko dei elles ikkje er vande med. Vi skal ete saman vi tre, synge litt julesangar, lese juleevangeliet og slike ting. Kanskje sluttar dei andre fangane seg til også, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %