NRK Meny
Normal

Har landets eldste brannutstyr

22 år gammal brannbil sløkkjer brannar i trehusbyen Risør. Brannsjefen er uroa for konsekvensane ein storbrann kan få dersom det gamle utsyret sluttar å fungere i den gamle trehusbyen.

Video Har landets eldste brannutstyr

Svend Svendsen, Østre Agder Brannvesen

Svend Svendsen

Foto: Espen Bierud/NRK

Harald Danielsen

Harald Danielsen

Foto: Espen Bierud/NRK
– 22 år gammalt materiell veit ein aldri kor lenge vil fungere, og om det fungerer godt nok i situasjonar der vi må klippe folk lause i ei ulykke, seier brannsjef i Østre Agder Brannvesen, Svend Svendsen, til NRK.no.

Han prøvar å sveive i gang den gamle motoren på ein av brannbilane. Bilen nærmar seg veteranbil, men er likevel deira beste våpen mot flammane.

– Nasjonal skatt

Risør er av riksantikvaren rekna som ein av Europas best bevarte trehusbyar. Likevel har byen noko av det dårlegaste brannutstyret i landet.

– Det er ille. Heile Risør sentrum er ein nasjonal viktig skatt. Så det må berre passast på. Vi toler ikkje nokon brann, seier brannmester ved Risør brannstasjon Helge Hansen Myren.

Utstyret er gammalt, og det er på høg tid å å få inn meir moderne utstyr, meiner Svend Svendsen.

– Det hadde vore ein fordel med spesialutstyr for å sløkkje vanskelege tilgjengelege område. I tillegg bør vi ha eit infrarødt kamera slik at vi kan sjå frå utsida kvar det brenn, seier Svend Svendsen i Østre Agder Brannvesen.

Helge Hansen Myren

GAMMALT: Brannmester i Risør, Helge Hansen Myren, viser fram utstyr på ein av dei gamle brannbilane.

Foto: Espen Bierud / RK

Ikkje nytt utstyr i år

Men han kan ikkje vente seg nytt utstyr det neste året.

– Eg skulle ynskje at vi hadde hatt meir pengar til å investere i nytt utstyr i år, slik at vi kunne ha fått ei forbetring i Risør, seier rådmann Harald Danielsen til NRK.no.

– I langtidsbudsjettet ligg det inne tre millionar kroner til brannutstyr i 2010. Brannsjefane har Risør på topp av prioriteringslista si, seier Danielsen.