NRK Meny
Normal

Start har kutta budsjettet med 40 millionar på to år

Start budsjetterer med 65 millionar kroner neste sesong. Det er nesten 40 millionar mindre enn for to år sidan.

Sør Arena

BUDSJETT: Start budsjetterer ikkje med auka omsetning neste år. Klubben reknar med å omsette rundt 65 millionar kroner i 2011. Det er det same som årets omsetning viser. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Sveinung Hovstad

Sveinung Hovstad

Foto: Håvard Raustøl / NRK

– Vi ser ikkje grunn til å budsjettere med anna enn realistiske tal, seier administrerande direktør i Start, Sveinung Hovstad til NRK.no.

– Vi har lagt opp til eit nøkternt og godt budsjett slik vi ser det. Vi har teke ned inntektene litt for at det skal harmonere med omsetningstala vi har for inneverande år, seier han.

Risikosport

For neste år har klubben budsjettert med eit tilskodarsnitt på 8300. Det er 700 færre enn det klubben budsjetterte med før årets sesong.

– Viss du ser på inntektssida er det naudsynt å ta den ned. Den reflekterer også eit ynskje i dei tidlegare budsjetta om ynskt omsetning. Så vidt eg kan sjå har ikkje den vore heilt realistisk. Det har gjort det naudsynt å tenkje på litt meir realistiske tal, seier Hovstad.

I løpet av ein toårsperiode har Start dermed redusert budsjettet med mellom 30 og 40 millionar kroner. Dei siste åra har fotballklubb-budsjetta vore ein «risikosport» i Noreg. Neste år legg klubben opp til eit underskot på 6 millionar kroner.

Lågare risiko

– Vår vurdering er at risikoen er betydeleg lågare enn i 2010. Det å få publikumsinntekter på nivå med dette året er nøkternt og eit greit utgangspunkt, seier han.

Start har brukt dei to siste åra på å få orden på økonomien. Fleire andre klubbar må starte dette arbeidet no.

– Skal vi klare å gjennomføre dette og etterkvart komme oss på plussida, iallefall null, er vi avhengige av at dei andre klubbane også gjer det same. Vi lever i den same marknaden og ein del av kostnadene får vi importert frå resten av bransjen, seier han.

Fleire klubbar slit

– Eg misunner ikkje andre å gå gjennom dei prosessane vi har gått gjennom, seier han.

Brann er ein av eliteserieklubbane som slit stort. Klubben har allereie sagt opp fleire tilsette.

Sjølv om Start, i motsetnad til andre eliteserieklubbar, hevdar å ha god kontroll på økonomien inn i 2011, er det ikkje rom for å styrkje spelarstallen ytterlegare.

– Vi må køyre eit forsiktig løp framover. Så det er det inga endring på, seier han.

Dermed ser det ut til at dei einaste forsterkingane før 2011-sesongen vert Birger Madsen og keeper Alexander Lund Hansen.