Hopp til innhold

Har kontroll over skogbrannen

Brannvesenet har no kontroll over skogbrannen som har herja i Vest-Agder i går og i dag. Ein regnbyge var til god hjelp, opplyser brannvesenet.

Jon Inge Aasen, Brannvesenet Sør

VANSKELEG: Brannsjef Jon Inge Aasen fortel om vanskeleg forhold for sløkkjingsmannskapa.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Skogbrann i Kvinesdal

FÅR HJELP: Det er sett inn helikopter i sløkkjingsarbeidet.

Foto: Bjørg Grøtteland Omland
- Stor innsats av brannhelikopteret og ei regnbyge har gjort at vi i kveld har kontroll over skogbrannen mellom Kvinesdal og Flekkefjord, seier varabrannsjef Svein Rolf Salvesen i Flekkefjord.

Brannmannskapa har hatt store problem med å få kontroll over brannen på Sørlandet. Ved 19-tida kom det ei regnbyge, som heldt på i 15-20 minutt. Salvesen var i kveld oppe i helikopter over brannområdet, og han seier at brannen ser ut til å vere sløkt i alle ytterkantane.'

Det er småbrannar inne i området, men det ser toleleg greitt ut, seier han til NRK.no ved 22.15-tida søndag kveld.

Han fortel at ein person frå brannvesenet vil ta seg inn i området ved 01-tida i natt for å få ein statusrapport. Sløkkingsarbeidet er no over for kvelden.

Sette inn helikopter

Tidlegare på dagen var situasjonen langt meir dramatisk. Eit helikopter vart sett inn for å prøve å få kontroll over skogbrannen.

Det er særs vanskeleg for brannvesenet å komme seg fram til fots.

– Vi har fått helikopter frå staten som skal hjelpe oss. Det er veldig ulendt terreng og vinden skiftar retning. Brannen har teke ut mot vest og nord, sa brannsjef i Brannvesenet Sør, Jon Inge Aasen til NRK.no tidlegare i dag.

– Det brenn heftig og det er veldig kupert terreng. Det er eit frykteleg blodslit på mannskapa, sa han.

2000 mål

Totalt har 40 mann vore ute for å sløkkje skogbrannen på kommunegrensa mellom Flekkefjord og Kvinesdal. Ved 15-tida søndag ettermiddag var nye mannskap på veg inn i området. Brannen strekte seg over mellom 1500 og 2000 mål.

– Dei som har vore med frå klokka seks i dag tidleg er jo dødstrøytte. Vi får inn ny energi no. Nokre av dei som har vore med frå i føremiddag blir med vidare utover, seier han.

Ifølgje brannsjefen er det god tilgang på vatn til å sløkkje flammane med.

– Vatn er det rundt forbi. Problemet er å få fram utstyret til å pumpe vatn fordi det er så frykteleg kupert. Difor hadde vi håpa på at vi skulle klare å leie brannen i riktig retning slik at han stoppa av seg sjølv. Det har vi førebels ikkje klart, sa han i ettermiddag.

Video Stor skogbrann i Kvinesdal og Flekkefjord

VIDEO: Sjå video frå skogbrannen.

– Skremmande å sjå

Ein NRK.no-lesar seier at folk i området er engstelege.

– Dei ser på brannen. Det var skremmande å sjå når dei store flammane tek tak i dei kjempestore trea, seier lesaren.

Det er framleis uklart kva som starta brannen laurdag ettermiddag, men truleg dreiar det seg om ein bråtebrann.

– Eg er litt usikker, men eg har høyrt rykter om bråtebrenning. Men det kan eg ikkje stadfeste, seier Aasen.

Brannsjefen åtvarar folk mot å bruke eld i tørre område.

– På nytt må eg åtvare folk mot at det er frykteleg tørt. Vi har hatt brennar som har starta med ein gneist. Det er nok med ein sigarettsneip i terrenget. Så er det full fyr, seier han.

Skogbrann i Kvinesdal/Flekkefjord

FÅR HJELP: Helikopteret vert klartgjort til å vere med i sløkkjingsarbeidet.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Stor skogbrannfare

Ifølgje Yr.no er det særs tørt fleire stader i Sør-Norge. Både i Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telermark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland og Hordaland er skogbrannfaren «meget stor» på indeksen til Meteorologisk Institutt.

På grunn av den skogbrannfaren har Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) auka helikopterberedskapen. Gjennom helga har to helikopter stått klare for å bistå lokale brannvesen.

– Med det tørre og varme sommarvêret som vi no har er det viktig at alle oppfører seg slik at det ikkje oppstår brann i skog og mark, seier sjefingeniør Heidi Vassbotn Løfqvist i DSB.

– Det skal ikkje meir til enn glør frå sigarettstumpar eller bruk av eingangsgrillar i naturen for å starte ein skogbrann, seier ho.

Fleire brannar

Det har vore ei rekkje skogbrannar i Kvinesdal/Flekkefjord-området dei siste vekene. Seinast fredag måtte brannvesenet sløkkje ein brann i Flekkefjord. Ein person hadde fyrt opp ein skråning, noko som utvikla seg til ein større brann.

Også i påska rykte brannvesenet ut til fleire skogbrannar i området. Fleire hytter og ein bensinstasjon var ei stund i fare då det brann på Sira i Flekkefjord.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %