NRK Meny
Normal

Har ingen trenarnamn på blokka

Start har førebels ikkje nokon trenarnamn på blokka. Klubben set no i gang med arbeidet for å finne ny trenar.

Even Øgrey Brandsdal om Mjelde

Sjå intervju med Even Øgrey Brandsdal.

– Akkurat no ser vi berre på trenarprofil og ikkje namn, seier administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal til NRK.

Mons Ivar Mjelde

Mons Ivar Mjelde gir seg som Start-trenar etter denne sesongen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix
Erik Mykland portrett smilende

Erik Mykland har vore nemnt som ny Start-trenar.

Foto: Håkon Eliassen / NRK
tom nordlie

Også Tom Nordlie har vore nemnt som ny Start-trenar. Nordlie var trenar då laget tok sølv i eliteserien i 2005.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Måndag vart det kjent at Mons Ivar Mjelde gir seg som Start-trenar etter denne sesongen.

Kontrakta hans går ut og han er samd med klubben om ikkje å skrive ny kontrakt.

Dette ser Start-sjefen etter

– Vi har starta prosessen litt i det små. Eg føler vi har rimeleg god tid. Det er viktig å finne ut kva profil vi ynskjer, seier Brandsdal.

Start-sjefen ramsar om ulike område som er viktige i jakta på ny trenar.

– Vi ynskjer å vere ein utviklingsklubb. Vi brukar mykje ressursar inn mot utviklingsavdelinga. Det ynskjer vi å sjå fruktene av på a-laget, seier han.

– Vi skal vere engasjerande som betyr at vi skal spele underhaldande og offensiv fotball. Dei tinga bør henge saman når vi skal sjå etter aktuelle trenarkandidatar, seier Brandsdal.

Føreslo Myggen

Ei rekkje namn har blitt drege opp av hatten. I mai lanserte tidlegare Start-spelar Claus Eftevaag fram Erik Myggen Mykland og Viggo Strømme som nye trenarar i klubben.

Tidlegare Start-trenar Tom Nordlie har vore nemnt. Det same har Jerv-trenar Steinar Pedersen.

Mons Ivar Mjelde har vore trenar i Start sidan 2011. Det er kun Brede Skistad som har hatt ein lengre samanhengande trenarperiode i Start. Han var trenar mellom 1990 og 1994.

Imponert over Mjelde

Even Øgrey Brandsdal er godt nøgd med det Mjelde har fått til som Start-trenar.

– Han har betydd ekstremt mykje. Vi har vore eit jo-jo-lag. Han kom inn i ein utfordrande periode med nedrykk. Sidan har det vore ein opptur og eg føler vi har etablert oss i eliteserien, seier Brandsdal.

– Det er spesielt imponerande med det som har skjedd i år med tunge prosessar gjennom kostnadskutt vi har gjort. I tillegg har vi endra veldig mykje i spelarstallen. Han har site roleg i båten, vore lojal og jobba med det mannskapet han har, seier han.

Mons Ivar Mjelde

8. november vert siste gang Mons Ivar Mjelde leiar Start i denne omgang, dersom laget ikkje må ut i kvalifisering om å overleve i eliteserien. Då møter Start Molde i Kristiansand.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix