Hopp til innhold

Har godkjent tiltak etter sextrakassering på sjukehuset

Fylkeslegen har godkjent tiltaka Sørlandet sykehus har sett i verk etter at ein pasient sextrakasserte andre pasientar på akuttmottaket.

Akuttmottaket ved Sørlandet sykehus Kristiansand

Det er sett i verk tiltak ved akuttmottaket på sjukehuset i Kristiansand etter sextrakassering.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

– Det er viktig å få fram kor sjeldan denne hendinga verkar å vere. Vi har sjekka med andre sjukehus og vårt eige avvikssystem, og dette er den einaste hendinga som har skjedd, som vi har funne, seier klinikksjef ved Sørlandet sykehus Geir Bøhler til NRK.

– Difor må vi vurdere kor store og kor mange tiltak vi skal setje inn for noko som kanskje er ei enkelt hending, seier han.

Befølte sovande kvinner

Det var i juni i år at ein rusa mannleg pasient ved akuttmottaket på sjukehuset i Kristiansand befølte to kvinner som sov på den same sengeposten.

Kvinnene varsla sjølv om episoden og personal på akuttmottaket greip inn.

I etterkant av hendinga bad fylkeslegen sjukehuset om å setje i verk tiltak for å hindre at liknande skal skje på nytt.

Geir Bøhler

Klinikksjef Geir Bøhler ved Sørlandet sykehus.

Foto: Geir Ingar Egeland

Sjukehuset avdekte til slutt seks risikoområde i ROS-analysa si. No har dei sett i verk tiltak som skal hindre nye episodar i framtida.

– Spesielt dette med seleksjon har vi fått opp å stå. Vi plukkar ut pasientar vi ser kanskje har ei uheldig atferd, og plasserer dei på ordinære sengepostar, seier klinikksjef Geir Bøhler ved Sørlandet sykehus.

Det vil også vere kontinuerleg tilsyn av pasientane. Pasientar vil også ha moglegheit for å bli skjerma frå andre pasientar.

Vurderer kjønnsdeling

Sjukehuset har førebels ikkje sett seg nøydde til å ha eigne rom for kvinner og eigne rom for menn.

– Vi jobbar med ei kartlegging og ein arealplan. Vi er ikkje heilt sikre på om det er hensiktsmessig å dele kjønna, seier Bøhler.

Sjukehuset har ikkje auka bemanninga etter episoden i juni. Også dette er noko som vert vurdert forløpande, ifølgje klinikksjefen.

Fylkeslegen har no avslutta saka.

– Vi har avslutta oppfølginga. Vi meiner at sjukehuset har jobba seriøst med episoden og sett på korleis dette kunne skje, og korleis dei kan hindre liknande i framtida, seier fylkeslege Kristian Hagestad til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %