Hopp til innhold

Har du hugsa å skifte dekk?

Søndag 11. april er siste frist for å leggje om frå vinter- til sommardekk. Blir du teken med piggdekk i morgon vil det koste deg dyrt.

David Valter

HEKTISK: Dekkservicemedarbeidar, David Valter, har mista talet på kor mange dekk han har skifta den siste veka. I morgon er det ulovleg å køyre med piggdekk.

Foto: Sander Heggheim/NRK / NRK

Dersom du blir teken av politiet - med piggdekk - vil du måtte betale 500 kroner i bot for kvart dekk. Den siste veka har vore særs travel for verkstadene i landsdelen. Ved Timenes og Sønn i Vågsbygd i Kristiansand har dekkservicemedarbeidarane hatt det travelt.

– Eg har inntrykk av at fleire og fleire skiftar dekk på verkstad. I forhold til det vi hadde i til dømes februar er dette fantastisk. Då var det stille, seier dekkservicemedarbeider, David Valter til NRK.

– Legg om uansett

Det er lov å køyre med piggfrie vinterdekk også i morgon, men dagleg leiar ved bedrifta, Jens Timenes, rår folk til å leggje om til sommardekk, sjølv om du køyrer piggfritt.

– Piggfrie vinterdekk har eit særdeles og ganske trafikkfarleg grep både på tørr og våt asfalt, når det no i løpet av våren og sommaren vil bli godt og varmt både i bakken og lufta. Gummiblandinga i piggfrie vinterdekk er så dårleg at det i mange tilfelle kan vere skummelt, seier Timenes.

Har mista talet

– Sommardekk og vinterdekk utgjer ein sikkerheitsdetalj som er viktig på bil. Sommardekk eignar seg best på sommaren og vinterdekk eignar seg best på vinteren, seier han.

Dekkservicemedarbeidar, David Valter, er usikker på kor mange dekk han har skifta for dagen den siste veka.

– Ååå, kor mange kan det bli. Det går heilt i...det er alt for mange, smiler han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %