Hopp til innhold

Har arrestert 46 ungdommar

Sidan nyttår har politiet aksjonert mot eit kriminelt ungdomsmiljø i Froland. Dette har så langt resultert i 46 arrestasjonar.

Jan Sverre Krogstad

Jan Sverre Krogstad informerte fleire ordførarar om situasjonen fredag.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Det dreiar seg om narkotika, ruskøyring, tjuveri og heleri. Det er utvilsamt eit høgt tal, seier politistasjonssjef Jan Sverre Krogstad til NRK.

Fredag orienterte Krogstad ordførarane i austre delar av Aust-Agder om det han kallar voldsom oppblomstring i kriminelle ungdomsmiljø.

– Likgyldige til lover og reglar

– Ungdommane er kritiske til eigen oppførsel. Dei har dårlege haldningar i forhold til mellom anna ruskøyring. Dei er likgyldige til lover og reglar, seier Krogstad.

Politistasjonssjefen påpeikar at politiet vil ligge tett på ungdommane i tida framover.

– Vi satsar på ein massiv kontroll. Vi kontrollerer dei kjende personane som er ein del av miljøet. Dette skal vi komme til livs, seier han.

Ordførar Sigmund Pedersen i Froland er overraska over at så mange er arresterte sidan årsskiftet.

Overraska ordførar

Sigmund Pedersen

Ordførar Sigmund Pedersen er overraska over at så mange ungdommar er arrestert av politiet.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Det er forferdeleg høge tal. Eg var ikkje klar over at det var så ille, seier han.

– Politiet har ikkje vore til stades hos oss på skikkeleg vis den siste tida, og då får dei lov til å blomstre opp, seier Pedersen.

– Er det politiet som har skulda?

– Ja, det vil eg seie i stor utstrekning. Dei har ikkje hatt nok fokus på Froland, seier han.

No er han glad for at politiet tek ungdomsmiljøet på alvor.

– No har dei heldigvis sett eit trykk på det. Det er eg veldig glad for, for det er verkeleg naudsynt no, seier Pedersen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %