NRK Meny
Normal

Håpar på ny publikumsrekord

Arrangøren av musikkfestivalen Heimover i Åmli håpar på opp mot 2000 tilskodarar denne helga.

Heimover, Åmli

Konsertområdet er klart til å ta imot festivalpublikum fredag kveld.

Foto: Privat

Campområde på festivalen Heimover i Åmli

Dei første telta er på plass på campområdet.

Foto: Privat

– Vi hadde 1500 tilskodarar på to dagar i fjor og det ville ha vore veldig stas om vi kunne auke det talet i år, seier Trond Aslaksen i arrangørstaben.

Allereie fredag kveld brakar festivalen laus med namn som Kari Bremnes, Mikael Paskalev og Lars Vaular.

Bygde tribune på dugnad

– Paskalev har turnert verda rundt og kjem til å blåse liv i Åmli-folk og dei som er der. Så avsluttar Lars Vaular som har eit vanvittig særpreg og som kjem til å imponere stort, seier Aslaksen.

I år har Heimover fått på plass ei splitter ny scene for å huse musikkentusiastar i Åmli.

– Det er bygd på dugnad. Vi har lagt ned mange hundre timar her. Det betyr at vi har god sitjeplass til 700–800 menneske, seier han.

Laurdag skal Åmlis store son Jonas Alaska på scena. I tillegg til blant andre Vampire Blow, Jan Eggum og Pow Pow.

Håpar på godvêr

No kryssar han fingrane for at vêret spelar på lag med festivalen.

– Det ser veldig bra ut. Vi har hatt puls i to døgn i forhold til å vêret. No ser det fantastisk ut, seier arrangøren.

Han fortel også at arrangøren ehar kontroll før festivalen går i gang.

– No byrjar ting å flyte skikkeleg bra. Eg har ei veldig god kjensle, seier han.

Det er tredje året på rad at festivalen Heimover vert arrangert.