Hopp til innhold

Håpar på Kurtovic-avklaring denne veka

Den sportslege leiinga i ØIF Arendal håpar på å bli einige med Marinko Kurtovic i løpet av denne veka.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic nærmar seg ny kontrakt med ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi har ikkje nokon tidsfrist, men så raskt som mogleg og gjerne denne veka, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

Ifølgje Agderposten har trenaren fått permisjon ein dag i veka frå jobben han har på Wang Toppidrettsgymnas.

Det inneber litt mindre pendling frå heimbyen Sandefjord til Arendal.

– Ballen ligg hos ØIF

– Ballen ligg hos ØIF no. Heilheita blir mykje lettare ved at eg kan overnatte meir i Arendal, seier Kurtovic til avisa.

I slutten av januar sa Kurtovic at han sluttar i ØIF etter denne sesongen. Ei av årsakene var mykje pendling mellom dei to byane.

Etter dette har det vore dialog mellom partane. Klubben håpar å få til ei toårsavtale med trenaren, som førte ØIF til cupgull i desember.

Trur på ny kontrakt

– Vi har hatt ein god dialog og ein god prosess heile vegen med han. Det ser ut til at det byrjar å flaske seg. Vi føler vi har god tru på at det går i orden. Det er viktig for mange andre ting som skjer i klubben at dette kjem på plass, seier Michelsen.

Ifølgje Agderposten har toppklubbar i både inn- og utland vore i kontakt med Kurtovic. Dette er ØIF Arendal klar over.

Michelsen stadfestar at klubben ikkje er i kontakt med andre trenarkandidatar.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %