Hopp til innhold

Hagen: – Tenker kun på å imponere

Etter at han tapte ein kamp i fjor haust står Alexander Hagen med to strake sigrar. No går boksaren for sin sjuande proffsiger i bokseringen.

Alexander Hagen

Alexander Hagen under innveginga fredag ettermiddag.

Foto: Johnny Carlsen

Laurdag kveld møter han latviske Olegs Fedotovs i København. Dette er Hagen sin åttande proffkamp.

– Eg har studert han opp, ned og i mente. Eg har vel sett video av 10-15 kampar. Han er veldig seig, tøff og toler mykje. Han er veldig bra trent og slår alltid tilbake om du slår, seier Alexander Hagen til NRK.

Vann på knockout

Alexander Hagen

Alexander Hagen under innveginga fredag ettermiddag.

Foto: Johnny Carlsen

Men 27-åringen frå Sørlandet har også funne svake punkt hos latviaren. Det skal han utnytte.

– Han er ikkje verdas beste teknisk. Han er litt enkel i stilen sin, så det passar meg bra, seier han.

I februar vann Hagen sin hittil siste proffkamp på knockout. Sørlendingen trengde berre to runder i ringen for å sikre sigeren mot Ivan Stupalo frå Kroatia.

Etter det har han vore gjennom tre månader med trening for å vere best mogleg budd til laurdagens kamp. Hagen har vore på treningsleir i Berlin og USA og meiner han er klar.

Vil imponere

– Eg har ikkje anna i hovudet enn at eg skal vinne. Det einaste eg tenker på at er å vinne på ein imponerande måte. Eg vil sjå bra ut. Det er mange kjende boksarar her, og prestasjonen min vil bli samanlikna med dei andre. Eg må vise meg fram og løyse oppgåva på ein bra måte, seier han.

Årsaka til det er at han håpar på å møte ein tøffare motstandar enn Olegs Fedotovs i neste kamp.

– Det er viktig for utviklinga mi at eg viser at eg høyrer heime der eg er, og at eg er klar for større oppgåver, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %