NRK Meny
Normal

Gut (12) skada i paraglider-ulykke

Ein ung gut er send til sjukehus med luftambulanse etter ei paraglider-ulykke i Bygland.

Paraglider-ulykke i Bygland

Paraglider-ulykka skjedde ved Sandstrand i Bygland.

Foto: Sigurd Haugsgjerd/Setesdølen

Guten er send til sjukehuset i Kristiansand. Sjukehuset stadfestar at han er lettare skade.

12-åringen skal ha vore i paraglideren saman med faren då ulykka skjedde. Han er send til legevakta.

Opptrekk frå båt

Ifølgje politiet er dei to turistar. Begge er frå Norge.

Eit ambulansehelikopter var venta å lande cirka klokka 9.15, ein halvtime etter at politiet vart varsla om ulykka av AMK. Ved 9.30-tida tok helikopteret av frå staden.

Ulykka skal ha skjedd i samband med opptrekk av paraglideren frå ein båt. Paraglideren skal ha falle ned frå kring seks meters høgde.

– Politiet har vore på staden og kriminalteknikarar er varsla i tillegg til Norsk Luftsportsforbund, seier Andersen.

Paraglider-ulykke i Bygland

Politiet gjer tekniske undersøkingar va utstyret.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Truleg ikkje menneskeleg feil

Det pågår eit luftsportsarrangement i Bygland med mange deltakarar.

– Etter det vi veit skal det ikkje dreie seg om alvorlige skader, begge hadde fin førlighet i alle lemmer, sier Amun Løvland, leiar av arrangementet på Bygland der ulykka skjedde.

Bjørn Hammer, fagleg leiar for hanggliding i Noregs luftsportforbund, har vore i kontakt med leiarane av arrangementet der ulykka skjedde.

Etter det han veit så langt, skal det ikkje dreie seg om menneskeleg feil.

– Det har skjedd ein feil i vinga slik at den kollapsa, og styrta frå rundt seks meter. Det kan tyde på at det er ein utstyrsfeil, seier Hammer.

– Denne typen ulykke er uvanleg, så dette vil vi undersøke vidare i tida som kjem. Vi ser veldig alvorleg på dette, seier Hammer.

Arrangementet samlar mange luftsport-entusiaster kvart år på Bygland.

Det har også vore arrangert NM i AKRO (luft-akrobatikk) på staden tidligare.