NRK Meny
Normal

Gut (3) påkøyrd i Kristiansand

Ein tre år gammal gut er send til sjukehus etter å ha blitt påkøyrd på Odderhei i Kristiansand.

Laster kart, vennligst vent...

Guten er truleg lettare skada.

– Slik patrulja vår oppfatta det var han lettare skada. Han hadde nokre små skrubbsår i ansiktet, men var våken og bevisst, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Martin Ugland til NRK.

Guten var ute og sykla saman med foreldra sine då ulykka skjedde på ein trafikkert veg i bydelen Odderhei i Kristiansand.

3-åringen skal ha sykla ut i vegen.

– Foreldra var tilstades og såg kva som skjedde. Guten sykla ut i vegen og vart treft av ein bil i låg fart. Difor har vi ikkje beslaglagt førarkortet til føraren av bilen, seier Ugland.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 17.53 torsdag ettermiddag.