NRK Meny
Normal

Gut (2) døydde etter skuterulykke

2-åringen var passasjer på ein snøskuter som krasja i ein husvegg.

Video 2-åring omkom etter skuterulykke

Tom Wang

Tom Wang

Foto: Odd Rømteland/NRK

Ulykka skjedde like før klokka 17 på Tveide i Birkenes.

– Vi har fått stadfesta frå sjukehuset at 2-åringen er død, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Per Kristian Klausen til NRK.no.

Barnet vart frakta med helikopter til sjukehuset i Kristiansand og der han vart operert. Tre og ein halv time etter ulykka døydde guten av skadene han pådrog seg.

Krasja med husvegg

– Guten var ute på jordet saman med onkelen sin og ein annan mindre gut. Det var forsåvidt under trygge forhold, men så har det tragiske skjedd at den lille guten kom borti noko på skuteren, som han helst ikkje skulle, seier innsatsleiar i politiet, Tom Wang til NRK.no.

– Det førte til at den vaksne og det eine barnet datt av. Den lille guten heldt fram aleine på skuteren. Det har gått forholdsvis fort, gjennom eit plankegjerde og inn i ein husvegg, seier han.

Kriseteamet i kommunen er kalla ut for å ta hand om personane som var involvert i ulykka.

Skuterulykke

SKUTERULYKKE: Politiet har undersøkt skuteren. Det vil i tillegg bli gjort nye undersøkjingar.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Etterforsking i gang

Kriminalteknikarar har undersøkt skuteren

– Vi har snakka med vitne, pårørande og familien som har vore her heile tida. Vi har også hatt krimteknikarar på staden, som har gjort tekniske undersøkjingar, seier Wang.

Snøskuteren vert nok taua inn for nærare undersøkjinar. Politiet er klare på at ulykka var eit reint uhell.

Ulykka fann stad på ein liten plass der dei fleste er i familie. Sokneprest Gunnvor Hofset er saman med dei pårørande.

– Vi er tilstades og snakkar med dei. Når ein slik tragedie rammar er det berre kaos. Det er viktig å vere saman med dei, seier ho til NRK.no.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.