Hopp til innhold

Gut (17) publiserte pedofili-bodskap hos Dagbladet - no er han dømd

Ein 17 år gammal sørlending er dømd etter at han kom seg inn i datasystemet til Dagbladet og publiserte «pedofili er greitt».

Dagbladet trolig hacket

Slik såg artikkelen ut etter at guten hadde endra tittel og ingress i artikkelen. Dagbladet si nettside vart stengt ned då det vart oppdaga.

Foto: Tipser

Guten var 15 år då han fann passordet til ein journalist på internett.

Han klarte å logge seg inn i systemet til Dagbladet og skreiv dette i ein artikkel som var publisert:

  • «Erna Solberg sier det er greitt»
  • «Pedofili er greit så lenge man ikke får sæd på barnet.»

I tillegg var ein annan artikkel signert «Øystein Pedofil».

– Slikt skal ikkje skje, sa Dagbladets nyheitsredaktør Frode Hansen då dette vart oppdaga.

Fann passord på nett

Ifølgje Fædrelandsvennen, som først omtalte saka, forklarte guten i retten at han endra på artikkelen «for tull».

Dagbladet.no var nede i fleire timar etter innbrotet i oktober 2019.

Dinside.no, SOL, KK og seher.no vart også teke ned medan avisa forsøkte å finne ut kva som hadde skjedd.

I retten forklarte guten at han fann passordet på ein nettstad som delte lekka passord.

Ifølgje avisa stengde FBI denne sida i 2020.

Sende SMS i andre sitt namn

I retten vart han dømd for datainnbrot hos Dagbladet og ei fleire andre lovbrot.

Mellom anna brukte han eit dataprogram til å sende SMS i andre sitt namn.

Han sende mellom anna denne meldinga: «Fuck deg, fattige muslim. Gå og dø!».

Guten er dømd til 150 timars samfunnsstraff.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %