NRK Meny
Normal

Gunnar Pettersen ferdig i Vipers

Gunnar Pettersen sluttar som trenar i handballklubben Vipers etter sesongen. No skal han vere tv-kommentator for Viasat, melder Fædrelandsvennen.

Gunnar Pettersen

– Det har vore i planane heile tida. Eg var innstilt på to år, så då var det naturleg gi seg etter det.

Mannen som har blitt omtalt som den beste handballtrenaren Noreg har hatt, hadde ei målsetjing om at laget skulle bli blant verdas beste klubbar då han kom til Sørlandet for to år sidan.

Meiner Vipers står sterkt

Når Pettersen no kastar inn handkledet, meiner han Vipers står sterkt.

– Vi har hatt som mål å bli topp tre, men den målsetjinga blei riktig nok sett då vi hadde litt fleire spelarar disponibelt enn det vi har for augneblinken. Det er to som er ute i svangerskapspermisjon, men viss vi har dei andre inntakt så skal vi vere alvorlege utfordrarar til ein bronsemedalje.

Pettersen ser på tida i Kristiansand som ei bra tid, og trekk særleg fram ein augneblink han er nøgd med.

– Klubben består av supre personar som jobbar som berre det, og eg har hatt ei eit positivt halvanna år og angrar ikkje på det. Sigeren mot Larvik var i seg sjølv verdt heile turen!

Ikkje lenger kvalifisert

Trass for si lange fartstid både som spelar og trenar, har ikkje Pettersen lenger moglegheit til å vere trenar. Om eitt år hadde han ikkje lenger vore kvalifisert, og måtte tatt eit kurs for å kunne fortsetje å vere trenar.

– Sjølv om eg har vore landslagstrenar i 15 år, og på toppnivå i nesten 30 år, så krev ein no ein lisens for å vere på dette nivået. Og det er heilt uaktuelt å setje seg på nokon kursbenk i 90 timar for å få lov til å drive med dette vidare, då får det heller vere slutt.