Hopp til innhold

Gunnar Pettersen blir trenar i 1. divisjonsklubb

Tidlegare landslagssjef og Vipers Kristiansand-trenar Gunnar Pettersen tek over herreklubben Kristiansand Topphåndball.

pettersen1

Gunnar Pettersen blir ny trenar i Kristiansand Topphåndball.

Foto: Frans Kjetså / NRK

– Her er det moglegheiter. Hadde eg ikkje hatt trua på laget, og spillertypene, så hadde det jo vært heilt uaktuelt, seier Pettersen om overgangen til Kristiansand Topphåndball, der han vert ny hovedtrenar.

pettersen2

Her fra klubbens pressekonferanse tirsdag ettermiddag.

Foto: Frans Kjetså / NRK

To kandidatar

Nestleiar i klubben, Tommy Egeli, seier at fleire agentar og trenarar har teke kontakt med klubben.

– Valet vart gjort på bakgrunn av erfaring og ein trenartype, som vi trur treff veldig godt i spelargruppa, seier han.

Tommy Egeli

Tommy Egeli er nestleiar i Kristiansand Topphåndball.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Fekk kreft

I 2015 gav Pettersen seg som Vipers-trenar då han fekk kreft.

I tillegg tilfredsstilte han ikkje krav frå Handballforbundet, som seier at ein må ha godkjent trenarkurs for å vere trenar på toppnivå.

– Sjølv om eg har vore landslagstrenar i 15 år, og på toppnivå i nesten 30 år, så krev ein no ein lisens for å vere på dette nivået. Og det er heilt uaktuelt å setje seg på nokon kursbenk i 90 timar for å få lov til å drive med dette vidare, då får det heller vere slutt, sa Pettersen i 2015.

Førte Sandefjord til eliteserien

Den tidlegare landslagstrenaren tek over ein hardtsatsande klubb. Kristiansand Topphåndball hadde som mål å rykke opp til eliteserien denne sesongen, men enda på 7.-plass.

No håpar klubben at Pettersen er mannen som kan ta Kristiansand Håndballklubb opp i eliteserien igjen.

I løpet av tre år er klubbens visjon å vere topp fem i eliteserien. Krs Topphåndball har også hausta erfaringar frå toppklubbane ØIF Arendal, Elverum, Nærbø og Vipers Kristiansand.

– Vi har forsøkt å hente ut det beste frå desse klubbane, seier Egeli.

Etter tida i Vipers har Pettersen jobba som ekspertkommentator. I tillegg har han trent Sandefjord i 1. divisjon, som rykte opp til eliteserien denne sesongen.

Likevel forlèt han Sandefjord-skuta til fordel for Kristiansand Topphåndball.

Gunnar Pettersen

Gunnar Pettersen har dei siste åra jobba som ekspertkommentator i Viasat og trenar i Sandefjord Håndball.

Foto: Vidar Ruud
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %