NRK Meny
Normal

Gullfesten på vent i Arendal

ØIF Arendal inviterte til gullfest med gratis inngang til kampen mot Viking. Men feiringa må vente då ØIF ikkje fekk hjelp frå Vestlandet.

Gå til forsiden

ØIF Arendal - Viking

ØIF Arendal

ØIF Arendal - Viking

15 bilder

    – Vi laga ein gullfest, men vi mangla medaljane. Det var masse publikum og festhandball i periodar, seier ØIF-keeper Svenn Erik Medhus.

    For fleire veker sidan lova han gullfest nettopp mot Viking onsdag 9. mars. Slik gjekk det ikkje.

    Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

    ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

    Foto: Sander Heggheim/NRK

    – Vi hadde ikkje venta å vinne gull i dag. Vi visste at Haslum ikkje kom til å tape mot Stord. Vi får berre vente nokre dagar til, seier trenar Marinko Kurtovic.

    ØIF Arendal var nemleg avhengig av at Stord tok poeng borte mot Haslum for å kunne feire seriegull.

    Sjanselause Stord

    Haslum køyrde over allereie nedrykksklare Stord og vann til slutt 37-21 på heimebane.

    Då hjelpte det lite at ØIF Arendal sjølv gjorde jobben mot Viking heime i Sør Amfi. Serieleiaren vann 29-21 mot tabelljumboen frå Stavanger.

    Dermed er det framleis spenning i gullkampen i eliteserien med to serierunder att. Haslum ligg framleis tre poeng bak arendalittane.

    Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

    Svenn Erik Medhus stod igjen ein god kamp i ØIF-målet.

    Foto: Sander Heggheim/NRK

    Ventar tøff kamp i Bergen

    Søndag møter ØIF Arendal Fyllingen i Bergen. Det er eit lag dei kun har slått ein gang på bortebane.

    – Fyllingen er eit vanvittig bra lag. Det blir vanvittig tøft. Men vi veit at det er to kampar att og at det held med ein uavgjort, så har vi gullet. Vi går for å vinne i Bergen, seier Medhus.

    Haslum skal spele mot Halden borte i den nest siste serierunden.

    – Fyllingen er ein av dei vanskelagste bortekampane i løpet av sesongen. Det er eit lag som kan slå alle og tape mot alle. Mot oss veit eg kvar eg har dei, smiler Kurtovic.

    Får spele med beskyttelse

    Rett før kampstart onsdag kveld fekk ØIF-spelar Kenny Ekman beskjed om at han likevel får lov til å spele med hovudbeskyttelse.

    Handballforbundet nekta svensken å bruke beskyttelse og viste til internasjonale reglar som forbyr dette.

    No har forbundet snudd, og Ekman får lov til å spele med beskyttelsen ut sesongen.

    – Eg fekk beskjed rett før kampstart. Dette er snakk om sunn fornuft, seier Ekman til NRK

    Kenny Ekman, ØIF Arendal

    Kenny Ekman får spele med hovudbeskyttelse.

    Foto: Sander Heggheim/NRK

    .