NRK Meny
Normal

Grimstad kommune skal granskast

Kommunen har bede revisjonsselskapet Deloitte om ei ekstern gransking av økonomien i helse- og sosialsektoren. Årsaka er store budsjettsprekk dei siste fira åra.

Per Kristian Vareide

Rådmann Per Kristian Vareide seier at kommunen må finne tiltak for å få kontroll over kostnadene i helse- og sosialsektoren.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det er fordi vi ser at vi har hatt eit vesentleg meir forbruk i mange år. Størrelsen er av ein slik karakter at vi som kommune er nøydd til å finne nye tiltak som gjer at vi får meir kontroll over kostnadene våre, seier rådmann Per Kristian Vareide til NRK.

I 2009 viste resultatet 5 millionar kroner i minus berre for helse- og sosialsektoren i Grimstad.

Millionar i minus

Året etter hadde budsjettsprekken vokse til 9,2 millionar kroner. I 2010 var avviket 6,6 millionar kroner, medan sluttsummen for sektoren i fjor enda på heile 17 millionar kroner under budsjett.

Vareide vil ikkje peike ut eitt spesielt problemområde under sektoren.

– Eg trur kanskje at vi vil finne mange ulike forklaringar på dette, og vi må sortere dei undervegs. Det er den sorteringa vi ynskjer å få hjelp til å gjere, seier han.

Forhåpningar

– Vi har klare forhåpningar til at dei vil finne nokre tiltak vi sjølv ikkje har funne. Kanskje ikkje alle tiltaka vil vere på kort sikt, mange av tiltaka dei peikar på vil kanskje vere langsiktige. Men også det vil vere til betydeleg hjelp for kommunen, seier Vareide.

– Det er snakk om lovpålagde oppgåver og det er snakk om oppgåver som vert løyst gjennom betydeleg arbeidsinnsats frå vårt personale i sektoren. Det er ikkje sikkert vi klarer å snu skuta raskt, men vi er nøydde til å ta grep for å få ei berekraftig utvikling i kommunen, seier han.